– Revolusjon om NRK slepp innhaldet fritt

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

- Vil bli ein revolusjon

– Det hadde vore kjempebra, seier Jarle Vines, styreleiar i Wikimedia Norge om å gjera innhaldet til NRK fritt tilgjengeleg til bruk i andre kanalar enn NRK sine eigne.

– Viss bildematerialet deira òg blei sleppt fri, så ville det vore ein revolusjon, seier han, og legg til:

– Det vil vera med på å styrkja kunnskapen om Noreg og den norske kulturarven, og gjera denne meir kjent for resten av verda.

LES OGSÅ:– Ungdommen vil ha journalistikk

Huffington Post og Al Jazeera
Vines meiner fleire og fleire bør bruka creative commons-lisensar på innhaldet deira.

Den australske rikskringkastinga ABC gjorde det i høve 80-årsjubileumet sitt.Då sleppte dei fri fleire historiske bilde frå arkivet sitt. Al Jazeera er ein annan tv-kanal som har sleppt fri deler av innhaldet sitt gjennom CC-lisens. Under førre Gaza-krigen gjorde dette at andre mediehus som var stengt ute frå Gaza også fekk bilde frå krigen.

Huffington Post sitt fond for undersøkjande journalistikk finansierer undersøkjande journalistikk frå journalistar frå fleire leiande redaksjonar som Washington Post, Wall Street Journal og Business Week. Vilkåret er at artiklane deira blir sleppt fri med CC-BY-ND-lisens.

Propublica er eit anna døme på ei nettavis som bruker CC-lisens på innhaldet sitt.

– Betalt av det offentlege
Elektronisk Forpost Norge er ein elektronisk borgarrettsorganisasjon som jobber med medborgarskap og juridiske rettar i it-samfunnet.

– Me meiner prinsipielt at åndsverk, data og liknande som er produsert med offentlege midlar bør publiserast med frie lisensar. Det bør vera utgangspunktet, seier leiar i Elektronisk Forpost Norge, Thomas Gramstad til Framtida.no.

LES OGSÅ: Krev framleis 25 prosent nynorsk i NRK

Høyringsfrist
I dag, 3. september, er det siste frist for å levera svar i høyringa om NRK-plakaten. Fleire av høyringssvara tar opp spørsmålet om det lisensfinansierte innhaldet til NRK også kan få bli distribuert i andre kanalar enn NRK sine eigne kanalar. Både Schibsted og P4 tek opp dette.

– Den viktigaste mediekonkurransen i 2014 står ikkje mellom NRK/TV2 og norske private mediehus. Hovudutfordrar for norske medium er internasjonale gigantar som for augneblinken heiter Google og Facebook. Dette er aktørar utan forpliktingar overfor norsk språk ogkultur. Dei tar ein stadig større del av den norske annonsemarknaden og snyltar på innhaldsproduksjonen til norske mediebedrifter utan sjølv å produsera eige innhald, skriv Schibsted Norge-direktør Didrik Munch i høyringssvaret deira.

Han held fram:

– NRK bør i det heile sjå på andre høve for å gjera sitt eige innhald tilgjengeleg. Dette gjeld ikkje berre arkivet. Det gjeld også program som i dag dør med døgnet, men som kunne fått ein heilt annan distribusjon dersom ein var mindre proteksjonistisk i vurderinga si av kvar innhaldet skal vera tilgjengeleg. Digitalt er for eksempel VG ein av dei største trafikkmaskinane. Kvifor skal ikkje NRK nytta andre distribusjonskanalar for å få spreidd kvalitetsinnhaldet sitt?

Les også: Viljen til å betala for nettaviser aukar

Faktaboks

Gjennom åndsverklova heiter det når ein person skaper litterære eller kunstnariske verk, har opphavsrett til verket. Dette vernet inneber at skaparen har einerett på verket, og det er forbode for andre personar å gjera endringar eller kopiera verket for å seinare publisera verket offentleg.

Creative Commons blei grunnlagt for å skapa eit rammeverk der opphavspersonen kunne dela eineretten til verket sitt, og på denne måten unngå at det måtte inngåast individuelle avtalar med opphavspersonen om ein ville nytta seg av eit verk. For å på best mogeleg måte tilpassa denne delinga etter opphavspersonen sitt ønske, har organisasjonen Creative Commons utvikla lisensar (avtalar) der opphavspersonen kan reservera seg visse rettigheitar, og enkelt velja kva rettar ein vil halda på, og kva rettar ein gir brukaren.

Les meir på Wikipedia!