Viljen til å betale for nettaviser aukar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Viljen til å betale aukar

Undersøkinga blant lesarar av dei 78 lokalavisene til Amedia viser at betalingsviljen på nett aukar sakte, men sikkert, for kvart år, skriv Klassekampen.

21 prosent svarer no at dei i svært stor grad eller i ganske stor grad synest dette er rimeleg. 24 prosent meiner verken eller.

Samtidig svarer 15 prosent at dei i ganske lita grad vil betale for nettinnhald, medan heile 38 prosent seier nei takk. Dette er færre enn før, ifølgje avisa.

– Det er vanskeleg å måle om folk har lyst til å betale for noko som før var gratis, kven seier ja til det? Så det er problematisk dette med betalingsvilje, men vi ser ei gliding i positiv retning. Eg vil kalle det dønningar i sirup, for haldningane endrar seg sjølvsagt ikkje over natta, seier analysesjef Anne Jacobsen i Amedia. (©NPK)

Kva synest du om innføring av betaling på nettaviser?