Med prosjektet «Nynorskbyen Førde» vil byen ta ansvar for nynorsk skrift og kultur. Ei rolle dei meiner ingen andre har teke.

mm
Faktaboks

Prosjektet «Nynorskbyen Førde»er sett saman av følgjande delprosjekt:

Leselystprosjekt med Det Norske Samlaget:Førde er i samtalar med forlaget om å verte pilotkommune, som kan teste ut lettlestbøker digitalt og på papir. Bibliotek, skular og barnehagar vil vere med i prosjektet med oppstart denne hausten. Samlaget har allereie fått støtte frå Kulturdepartementet til lettlestprosjektet.

Firda junior: Samarbeid mellom lokalavisa Firda, Nynorsk avissenter og medielinja på Hafstad vidaregåande. Første utgåve hausten 2014.

Merkevarebygging: Utvikle ein plan saman med næringslivet for å bruke språket medvite til merkevarebygging og profilering.

Språkblomar: Utsmykke byen med mellom anna nynorske ordtak, som anten kan stå permanent eller skiftast ut.

Nynorskkurs: Sjå på moglegheitene for å starte kurs i nynorsk som mellom anna kan tilbys offentleg tilsette.

Litteraturhus: Biblioteket i Førde som ein meir aktiv debattarena for kultur, samfunn og språk.

Nynorskens dag: Ein årleg konferanse med faglege språktema, eventuelt supplert med kulturkveld, arrangert av fylkesbiblioteket i samarbeid med Nynorsk forum.

«Nynorsk park»: Oppgradering av Festparken i Førde, der statua av Oddvar Torsheim og «Nynorsken skog» står. Forslag om universell utforming og lyd- og lysinstallasjonar.

LES FAKTALUKK FAKTA

–Me har lyst til å ha ein identitet knytt til nynorsken, forklarar Trond Ueland, kommunalsjef med ansvar for kultur i Førde kommune.

Han er prosjektansvarleg for pilotprosjektet «Nynorskbyen Førde»som i desse dagar ventar spent på statsbudsjettet og svar på om dei får dei to millionane i støtte dei har søkt om frå Kulturdepartementet. Får dei det vil nynorsken verte meir synleg i nynorskhovudstaden og resten av Sunnfjord i perioden 2015-2017.

LES OGSÅ: Startar nynorsk avissenter i Førde

Ei aktiv språkpolitisk rolle
«Målet er å etablere Førde som eit regionalt kraftsenter for nynorsk og er eit ønskje frå Førde om ta ei meir aktiv språkpolitisk rolle gjennom å byggje ein tydlegare nynorsk identitet i byen og regionen,» heiter det i søknaden, som vart sendt i slutten av juli.

Ueland meiner kommunen har gode føresetnadar for å verte eit kraftsenter for nynorsk med ei kompetanseklynge beståande av mellom anna NRK nynorsk mediesenter, nynorsk avissenter og offentlege institusjonar.

I søknaden heiter det vidare at: «Ingen har tatt posisjonen og ansvaret som nynorskhovudstad sjølv om både Stord, Bergen, Haugesund, Sogndal, Ørsta/Volda har ein sterk nynorskkultur. Førde vil ta dette ansvaret.»

I tillegg til dei to millionane som er søkt Kulturdepartementet om, stiller Førde kommune med ein halv million og den siste biten har ein tenkt å få inn andre samarbeidspartnarar på.

LES OGSÅ:Ørsta er årets nynorskkommune

Språkblomar og «Nynorsken skog»
Ueland understrekar at dei ikkje er ute etter å konkurrere med verken Nynorsk kultursentrum og Dei nynorske festspela i Ørsta, eller Stord – som kallar seg verdas største nynorskby.

–Nynorsken er så utsett at me er avhengig av å spele kvarandre gode, meiner Ueland.

Prosjektet er eit resultat av at kulturminister Thorild Widvey og dåverandestatssekretær Knut Olav Åmås utfordra Førde på å ta ei enno tydlegare nynorskrolle i samband med eit seminar i Førde tidlegare i år.

«Nynorskens skog» er allereie på plass i Førde. Snart kan det bli meir. Foto: Førde kommune

LES OGSÅ: – Pluss med to norske skriftspråk

Klar ordførar
Ordførar i Førde Olve Grotle vonar på støtte til prosjektet, slik at han snart kan kalla seg ordførar av «Nynorskbyen Førde».

– Eg og fleire andre har lurt på kvifor ingen andre byar har vore ute etter å ta denne rolla. Ein skulle kanskje tru at Bergen – som kanskje er den byen med flest nynorskbrukarar – skulle ta rolla, men det har dei altså ikkje gjort. Difor er på høg tid at Førde, som den største byen i nynorskfylket Sogn og Fjordane, akslar trøya som nynorskbyen, meiner ordføraren.

Han er klar over at Stord allereie kallar seg “verdas største nynorskby”, men understrekar at det er viktig at det ikkje vert noko usunn konkurranse mellom «Nynorskbyen Førde», Stord og Ørsta-Volda, som er “nynorskens vogge.”

Målet er å verte eit sterkt senter for nynorsk og ordføraren trur arbeidet med nynorsk språk i Førde berre er byrjinga på noko større.

LES OGSÅ: Flinkare på skulen med nynorsk

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.54

Kommentarar

ANNONSE