På Facebook skriv Marit Larsen kva ho tykkjer om doktoravhandlinga til Jon Mikkel Brock Ålvik.

– Eg registrerer at nokon har tatt seg bryet med å skriva ei doktoravhandling om korleis eg framstår i media.

Slik startar Marit Larsen innlegget på si Facebook-side. Ho påpeiker vidare at ho aldri har blitt intervjua i høve til doktoravhandlinga til Jon Mikkel Brock Ålvik, som Framtida skreiv om i går.

LES OGSÅ: Skrapar i overflata av norsk pop

Meint alt ho har sagt
I innlegget skriv Larsen vidare:

– Eg har alltid meint det eg har sagt i intervju når dei har funne stad, og dei deler av meg som har blitt framstilt i media er nettopp det; deler av meg.

Marit Larsen skriv at i løpet av musikkkarriera si, som no har vart i 18 år, har ho forandra seg mykje, frå fjortis til tredveåra.

LES OGSÅ: Speledame blant spelemenn

Her er ein skjermdump av innlegget til Marit Larsen. Artikkelen held fram under saka.

Imagebygging
I avhandlinga si skriv Ålvik mykje om korleis bileta av Marit Larsen og Marion Ravn skilde seg frå kvarandre etter at M2M gjekk kvart til sitt. Medan Larsen, ifølgje Ålvik, spelte på stereotypiar som jentebarn og husmor, er Marion Ravn den råke motsetnaden. Men Ålvik meiner biletet ikkje stemmer heilt, som han forklarte til Framtida i går.

– Særleg Larsen hevdar at ho ikkje driv imagebygging, men berre er seg sjølv. Ho lukkast òg betre enn Ravn i få gjennom denne framstillinga av seg sjølv som ekte, seg sjølv og naturleg. Men med mine fagbriller ser eg at Larsen framstiller seg sjølv medvite i like stor grad som Ravn, seier Ålvik.

LES OGSÅ: – Musikklivet er påfallande mannsdominert

Vil ikkje snakka meir
I dagens svar frå Marit Larsen legg ho til at ho heller ikkje har lest avhandlinga, eller har særlege planar om å gjera det. Så avsluttar ho diskusjonen frå si side med å referera til sin nyaste singel: «I Don't Wanna Talk About It»

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.54

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE