Barneteikningar kan avsløra IQ

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Barneteikningar kan gje innsikt i barnets utvikling, opplevingar, motoriske ferdigheiter, personlegdom og intelligens – men no meiner forskarar å kunne kople teikneferdigheiter i 4-årsalderen til kor intelligent barnet er ti år seinare.

LES OGSÅ:Lærarar gjer det dårlegare på IQ-testar

Teiknetesten
Ny forsking frå King’s College’s Institute of Psychiatry, bekreftar linken mellom teikneferdigheiter og intelligens og overraskar med å knytte teikneferdigheiter til kor intelligente borna vert som vaksne, melder danske Jyllands-posten.

Forskinga vart nyleg publisert i det tidskriftet Psychological Science.

Dei britiske forskarane tok utgangspunkt i ein test utvikla på 1920-talet som vert kalla ”draw-a-child”.

7.752 sett tvillingar vart sett til å teikne eit born.

Teikningane fekk deretter karakter på ein skala frå 1 til 10, som gjekk på detaljrikdom. Fleire kroppsdelar og detaljar gav høgare poengsum.

Etter dette fekk borna ein verbal og ein nonverbal intelligenstest – først som 4-åring, så ti år seinare som tenåring.

LES OGSÅ: Spreke born, smarte born

Arva ferdigheiter
Ifølgje forskarane fann dei ein “moderat sterk samanheng” mellom høg poengsum på teikningane og høg poengsum i intelligenstesten.

Slik kan teikneferdigheiter i fireårsalderen gje eit frampeik på intelligensnivå seinare i livet.

– Evna til at gjengi figurar er ei menneskelig evne og eit teikn på særlege kognitive evner på same måte som det å skrive, seier forskingsleiar Rosalind Arden seier til Psychological Science.

Ho er overraska over at detaljrikdommen i teikningane til fireåringane kunne knytast til intelligens heile ti år etter. I tillegg såg det ut til at arv var viktig for teikneeigenskapane.

Men det er ikkje slik at teikning åleine avgjer intelligens.

– Det er mange faktorar, både genetiske og miljømessige, som påverkar intelligensen seinare i livet, understrekar Rosalind Arden.