Studenttinget i Volda vil heller samarbeid med høgskulane og universiteta i sør enn å bli del av eit nytt Møreuniversitet.

mm

– At høgskulane i Molde, Ålesund og Volda slår seg saman og til slutt vert eit universitet er kanskje den våtaste draumen til fylkespolitikarane. Det er i alle fall ein farleg ambisjon som vil kunne svekkje kunnskaps-Noreg, seier Joanna Antoniak, leiar av Studenttinget i Volda.

– Slike grandiose førestellingar hos lokalpolitikarar er skummelt og kan øydeleggje kvaliteten på høgare utdanning i Noreg. Det er difor svært positivt at Høgskulen i Volda tør å tenkje større enn fylkespolitikarane, seier ho.

Høgskulen i Volda vil i staden bli med på eit tettare samarbeid med universiteta og høgskulane som er med i UH-nett Vest. Studentleiaren helsar eit slikt samarbeid velkommen, men understrekar at det er viktig å ta vare på studentdemokratiet lokalt på kvar campus.

– Spikaren i kista

Fylkesordførar Jon Aasen i Møre og Romsdal gjekk sist veke ut og bad Høgskulen i Volda om å ikkje forhaste seg.

Joanna Antoniak i Studenttinget i Volda er ikkje samd:

– Eg ber dei setje spikaren i kista for eit Møreuniversitet ein gong for alle. Og det så fort som mogleg. Så kan politikarane konsentrere seg om det som er gunstig for fylket og landet.

– Ein må sjå på korleis Noreg får tilgjenge på best mogleg kompetanse. Ikkje korleis sikre at alle innbyggjarane i Møre kan ta flest mogleg utdanningar utan å måtte flytte. Skal vi sjå på totaliteten handlar det ikkje om å byggje opp eit ”breidde-universitet”, meiner ho.

Studentleiaren i Volda meiner det er trong for meir arbeidsdeling og konsentrasjon av fagmiljø.

– I denne tankegangen kan det vere føremålstenleg med ein fusjon av dei to nordlegaste høgskulane. Volda derimot, bør ikkje som Aasen seier konkurrere mot Sogndal – Sogndal og Volda bør fordele utdanningane mellom seg. Kanskje nokon bør verte hos begge, men mykje kan fordelast.

LES OGSÅ: Slik kan Vestlandsuniversitet bli

Korleis meiner du høgskulane og universiteta skal organiserast i framtida? Bør ein ha samanslåingar eller er det best slik det er? Skriv meininga di i kommentarfeltet!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.54

Kommentarar

ANNONSE