Større smittefare på storbruk?

Faren for at dyr skal utvikle antibiotikaresistens, aukar i større besetningar, konkluderer ekspertgruppa som har vurdert korleis Noreg kan hindre spreiinga av antibiotikaresistente bakteriar.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Storbruk kan gi meir sjukdom

Det regjeringsutnemnde ekspertutvalet la måndag fram rapporten sin. Stikk i strid med tidlegare utsegner frå landbruks- og matminister Sylvi Listhaug (Frp) konkluderer gruppa med at større husdyrbesetningar kan auke faren for smittespreiing og antibiotikaresistens, skriv Nationen.

I rapporten heiter det at Noreg nærmar seg situasjonen i Mellom- og Sør-Europa med færre og større besetningar. Ifølgje rapporten kan det i slike besetningar vere meir kjøp og sal av dyr enn i små besetningar, «noko som kan sjåast som ein risikofaktor for introduksjon av smittestoff».

LES OGSÅ: Leiter på ekstreme stader etter nye antibiotika-håp

Meir sjukdom, meir antibiotika – meir resistens
Gruppa meiner at dersom endringar i driftsstrukturen i husdyrproduksjonen medfører auka førekomst av infeksjonssjukdommar, vil det igjen medføre auke i antibiotikabruken. Dette vil igjen gje eit større selektivt press for utvikling av resistente bakteriar, fastslår ekspertgruppa.

Dei meiner likevel at situasjonen er god i norsk landbruk samanlikna med mange andre land. Utvalsmedlemmene uroar seg likevel for fjørfebransjen.

Utvalet meiner det er viktig at strukturendringar i norsk husdyrproduksjon blir utgreidd nøye for å hindre at endringane fører til at infeksjonssjukdommar og antibiotikaresistens aukar. (©NPK)

LES OGSÅ: Den vanskelege jentetissen