Vi har lang tradisjon for å usynleggjere kvinneleg seksualitet, seier sexologisk rådgjevar Stine Kühle-Hansen.

Då Framtida.no snakka med språkprofessor Ruth V. Fjeld om tabu, løfta professoren fram kvinneleg seksualitet som eit område som held fram med å vere tabubelagt.

– Vi har ingen ordentlege nøytrale ord for jentetissen. Det er så unemneleg, så vanskeleg å snakke om, sa Fjeld.

Pedagog og sexologisk rådgjevar Stine Kühle-Hansen er einig med språkprofessoren.

– Dei fleste orda på kvinners kjønnsorgan ber preg av at dette organet kun skal oppbevare eller passivt ta imot mannens organ, meiner Kühle-Hansen.

Ho bloggar og kursar fagfolk i å gi oppdatert seksualundervisning, med språk og kommunikasjon som fanesak.

LES OGSÅ: Griseprat med språkprofessor

Manglar språk
Ifølgje ein rapport frå UNICEF har 125 millionar kvinner vore utsatt for kjønnslemlesting, og over 30 millionar står i fare for å verte kjønnslemlesta i det komande tiåret. Dette er eit døme på at kjønnsorgana til kvinner framleis vert regulert, kontrollert og usynleggjort, ifølgje Kühle-Hansen, som også meiner usynleggjeringa skjer i fagbøker.

– Seksualsynet i samfunnet påverkar vårt syn på kvinners seksualitet, og ikkje minst vårt syn på kvinners kjønnsorgan. Vi har lang tradisjon for å usynleggjere, marginalisere og diskriminere dette organet, meiner rådgjevaren.

LES OGSÅ: YOLO og side boob inn i ordboka

Eit problem er at kvinnetissen ofte vert sett på som ein port inn for penis, eller ein port ut for babyen, ifølgje Kühle-Hansen. Organet har dermed fått liten eigenverdi.

– Vårt kjønnsorgan får sjeldan lov til å berre vere eit organ på eigne premiss. I mange samanhengar har det blitt redusert til noko farleg eller noko som kan tene andres behov. Ein annan grunn til at kjønnsorganet er så tabu, er at det ligg så nært urin, avføring og blod. Slike ting har mange kulturar ikkje ville snakke om.

Og det går utover språket.

– Språk produserer haldningar og haldningar produserer språk. Når vi ikkje snakkar mykje om kvinnelege kjønnsorgan og kva det tyder for hennar liv og kjensler, då får vi diverre heller ikkje produsert mange ord, seier ho.

Forspel og luremus
Rådgjevaren løftar fram orda forspel og luremus. Førstnemnte er ifølgje rådgjevaren problematisk fordi det legg for dagen ei haldning om at all seksuell aktivitet skal ende i samleie.

– Det vitnar om kamuflert samleiepress og eit heteronormativt syn, meiner ho.

Luremus er eit anna ord som nedvurderer kvinneleg seksualitet, og legg til grunn ei haldning om at kvinner skal fullføre eit plikløp på andres premiss, held Kühle-Hansen fram.

LES OGSÅ: Snakk samisk t´mæ


Menn har eit breiare utval av ord, når dei vil snakke om eigen seksualitet.

Religion og porno
Ifølgje rådgjevaren er det mange faktorar som gjer kvinners kjønnsorgan til eit tabu.

– Eg trur det ordlause språket om kjønnsorganet vårt mellom anna skuldast religiøs redsel for erotisk glede, styresmaktene sin redsel for frigjering, og helsevesenets redsel for sjukdommar, seier ho.

Pornoindustrien har òg spela ei rolle.

– Pornografien har også vore med på å ikkje ta seksualiteten til kvinna på alvor. Her vert kjønnsorganet hennar ofte presentert som noko som skal tekke lysta til mannen og ikkje hennar eiga.

LES OGSÅ: – Klitoris er toppen av eit isfjell

Sjølv eit ansvar
Men sjølv om jentetissen held fram med å skape hovudbry, har der vore nokre framsteg.

Tilgangen på prevensjon og inntoget av p-pilla på 60-talet medverka til at at kvinners kjønnsorgan ikkje lenger berre vart sett på som eit forplantingsorgan.

– Dei kunne etter kvart også verte definert som lyst-organ, noko vi sjølv kunne styre og noko som kunne berike livskvaliteten.

LES OGSÅ: Vil du ha hen?

Kühle-Hansen meiner også kvinner har eit ansvar.

– Vi har sjølv eit ansvar for å bryte ned usynleggjeringa av kvinners seksualitet og kreve retten til å bestemme over eige organ ved å ta i bruk språket.

Også kunsten kan spele ei rolle. Cliteracy og liknande prosjekt kan vere med å endre haldningar og aktualisere behovet for fleire ord, meiner rådgjevaren, som står bak fleire temautstillingar.

– Prosjekt som syner mangfald og ser kjønnsorganet i kontekst kan vere opplysande. Til dømes har det vore endringar frå at ordet fitte var positivt i eldre tider, til det vart eit skjellsord i nyare tid, medan det no ganske ofte vert brukt i kunst og litteratur. I fjor var det fittefestival i Sverige og neste år blir det fittefestival i Noreg. Kunst er også eit språk som er med på å endre haldningar og aktualisere behovet for fleire ord, seier ho.

LES OGSÅ: Yah! Amerikanorsken lever!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.54

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE