FN: Heitebølgjer er klimakatastrofar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Har tatt livet av 140000 i Europa

Global oppvarming har vore eit populært samtaletema på varme sommardagar dei siste åra. Men varme sommardagar kan verte for varme, ja attpåtil ei katastrofe, som krev mange menneskeliv.

For fyrste gong vert heitebølgjer rekna som ei klimarelatert katastrofe av FN.

LES OGSÅ: – Verda må tilpasse seg ei uviss framtid

Råkar dei eldre
I 2003 omkom rundt 70.000 europearar av heitebølgjer i 16 europeiske land. Rundt 80 prosent av desse var personar over 75 år. Sju år seinare – i 2010 – døydde omlag 55 000 russarar av ei heitebølgje.

Tala er henta frå klimaatlaset Atlas of Mortality and Economic Losses from Weather, Climate and Water extremes (1970-2012), frå World Meteorological Organization (WMO), som er ein del av FN-organisasjonen.

LES OGSÅ: FN: 2013 det sjette varmaste året

Livsfarleg vêr
– Me kan no dokumentera at ekstremvêr tek liv, seier professor Asgeir Sorteberg ved Institutt for geofysikk og Bjerknessenteret for klimaforskning i ei pressemelding frå Universitetet i Bergen.

Sorteberg legg fram dei nye rapportane frå klimaatlaset for Klima- og miljøminister Tine Sundtoft, klimaforskarar og universitetsleiing, tysdag 19. august.

– Me rekna med at ekstremvêr ville føra til store økonomiske tap, men ikkje til store katastrofar og dødsfall, seier Sorteberg.

LES OGSÅ: – Ny mini-istid kan vera på veg

Firedobling av katastrofar
Klimaatlaset syner at talet på rapporterte hendingar som flaum, storm, skred og tørke har firedobla seg i løpet av de siste tiåra. Flaum og storm står for dei fleste hendingane, og særleg talet på flaumar har auka voldsomt. 

– Noko av det viktigaste politikarane kan gjere i forhold til klimaendringar og ekstremvêr er å laga gode varslingssystem for katastrofar, seier Sorteberg.

Klimaatlaset syner òg at det økonomiske tapet på grunn av ekstremvêr har femdobla seg i løpet av dei siste fire tiåra. Berre i perioden 2001 til 2012 var det globale tapet på rundt 5000 milliardar kroner. Flaum og storm er dei største pengesluka.

LES OGSÅ: Ikkje skuld på klimaendringane

Velstand, velstand 
Trass i ei auka satsing på fornybar energi, skjer klimautsleppa no raskare enn før.

– Utsleppsauken skuldast dobling av velstand og dobling av folketal i løpet av dei siste førti åra. I tillegg nyttar me meir karbon enn tidlegare for å produsera energi, forklarar Sorteberg.

Dette får skulda for temperaturauke og klimaendringar, og den nye klimakatastrofen: heitebølgjer.