Skuldast for å plagiera plagiat

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Artikkelen vart først publisert i Universitas

Det skriv The Chronicle of Higher Education. Metaplagiatet skal ha funne stad då dei skreiv læreboka «The Freedom To Communicate», den viktigaste læreboka for Miami Dade College (MDC) sitt fakultet for kommunikasjon.

Forfattarane av boka vert anklaga for å ha kopiert fleire deler av boka frå andre utan å kreditera kjeldene godt nok, blant anna delen der dei skriv om plagiat.

LES OGSÅ: Kranglar om seigmenn

Læreboka sin definisjon av plagiat skal vera henta nesten ordrett frå eit dokument om ti ulike typar plagiat, utan at forfattarane har blitt ordentleg kreditert. Definisjonane vart utarbeidd av Turnitin, eit selskap som lagar antiplagiatprogramvare, skriv Miami Herald.

– Inkompetense eller latskap
MDC undersøkte sjølv saka. I rapporten skriv dei at utgivaren av boka, Hayden-McNeil Publishing, kan ha vore ansvarlege for plagiat-plagiatet. Undersøkinga viser at det kanskje er utgivaren som har fjerna nokre anførselsteikn for mykje i arbeidet med å standardisera siteringane i læreboka.

Rapporten konkluderte og med at alle fem forfattarane har det same ansvaret for det moglege plagiatet, sidan kontrakten ikkje fastslår kven som skulle skriva kva kapittel.

LES OGSÅ: Plagiat-punktum

Isabel del Pino-Allen, professoren som fremja skuldingane, seier ho er forbløffa over MDC sin konklusjon.

– Som autoritetsfigurar som kan disiplinera studentar som plagierer, blant anna ved å utvisa dei, bør professorar vera rollemodellar i sitt eige arbeid, seier ho til Miami Herald.

Ho understreker vidare at når ein kopierer, skal ein tilføra noko til kjelda ein kopierer frå.

– Plagiat stammar frå ein av to ting: inkompetanse eller at ein er uærleg. Og ingen av dei to høyrer heime i Akademia, seier del Pino-Allen.

LES OGSÅ: Kvifor vil skottane ut av Storbritannia?