– Lærarane bør gje meir ros

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Lærarane bør gje meir ros til elevane, meiner psykologiprofessor Willy-Tore Mørch.

Professoren ved Universitetet i Tromsø meiner det er for lite ros i norsk skule.

– Det er ei innebygd vegring frå lærarane si side for å gje ros, til foreldra direkte eller til elevane direkte. På den andre sida tek lærarane altfor ofte kontakt via e-post, telefon eller meldingsbok for å informera om at barnet har gjort noko gale. Det er ikkje vegen å gå, seier han til Bergens Tidende.

Mørch og kollegaene hans held kurs i klasseleiing for lærarar. Dei oppmodar lærarane til å arbeida systematisk med positive tilbakemeldingar.

– Det kan vera heilt enkle ting som «Anne har hjelpt sidemannen i dag ved å låna bort pennalet sitt», seier han, og oppmodar lærarane til å senda gladmeldingane med heim i ranselen eller som e-post til foreldra.

Professoren seier metoden er spesielt nyttig for utfordrande og vanskelegstilte barn.

Politisk rådgjevar i Utdanningsforbundet Jens Garboe meiner lærarane er klar over at positiv stadfesting har mykje å seia. (©NPK)