Unge eldsjeler: Peder Støre Amundsen er leiar og initiativtakar til One Health Norway. Han vil redda verda, men antibiotika er ikkje kuren.

mm
Faktaboks

Unge eldsjeler
I sommar vil Framtida.no løfte fram ungt engasjement, ved å setje fokus på unge som brenn for ei sak. Denne veka fortel leiar i One Health Norway Peder Støre Amundsen om det han brenn for. 
Les fleire intervju med unge eldsjeler her!

LES FAKTALUKK FAKTA

Han er meir redd for antibiotikaresistens enn ebola, og har faktisk hatt mareritt om det. Peder Støre Amundsen er påtroppande leiar av studentforeininga til Den norske veterinærforeining (DNV-S) og leiar i One Health Norway.  

Nyleg var han òg i Stockholm og sat i eit av ekspertpanela under Gunhild Stordalen sitt EAT-forum. Han er denne vekas unge eldsjel.

Støre-nevø
Og om du merkar deg namnet Støre, så er du inne på noko. Han er nemleg nevø av tidlegare helse- og omsorgsminister Jonas Gahr Støre (Ap), som har vorte nytta som sparringspartner i helsespørsmål mang ein gong.

For veterinærstudenten har eit brennande engasjement for meir tverrfagleg samarbeid for å sikre helsa til menneskjer, dyr og verda me lever i.

– Kva er One Health og kvifor er det så aktuelt i dag?

­– One Health er ein ny og heilskapleg måte å tenkje på humanmedisin, veterinærmedisin, klima og miljø på. Eg trur at forskinga tradisjonelt har føregått innafor delte sektorar, der humanmedisinarane driv med humanmedisin og veterinærane driv med veterinærmedisin. Det er mykje overlappande kunnskap der ute. Dette vert særleg aktuelt med nye sjukdommar som ebola, som smittar mellom dyr og menneskjer. No er ikkje ebola så aktuelt for norske forhold. Då er det meir aktuelt med antibiotikaresistens, som eg er ekstra engasjert i. Dei siste 60 åra har me nytta antibiotika mot alle infeksjonar og dei siste ti åra har resistensen teke av, svarar veterinærstudenten på telefon til Framtida.

LES OGSÅ: Ebola-utbrotet er ei internasjonal krise

Verdas beste veterinærar
For der våre legar har gitt ut antibiotika i fleng, har våre veterinærar vorte best i verda på å nytte lite antibiotika. Her har allmennlegane noko å læra.

– Humanmedisinarane er heilt håplause, men det har nok ein del med pasientane å gjere. Når me går til legen vil me ha ein diagnose og medisin som verkar, så gjev legen etter, seier Støre Amundsen, og legg til at i Noreg er dei trass alt ganske flinke, samanlikna med resten av verda. 

Han dreg òg fram ei mykje utskjelt næring, som har betra seg betrakteleg på antibiotikabruk dei siste åra.

– Sidan 1980-åra har norsk akvanæring redusert antibiotikabruken med over 99 prosent. I heile fjor nytta dei under eitt tonn antibiotika. Eg veit ikkje kor mykje tonn fisk som vert produsert i året, men det er mykje, seier 33-åringen, som framleis syns at næringa fortener ein god del kjeft, men ikkje for akkurat dette.

– Kva var det første som fekk deg til å engasjera deg i dette?

– Ideen til One Health Norway kom då eg og Anne Christine Føllesdal sat slitne på flyet heim frå eit ANSA-seminar i Budapest. Me sat og prata om vegen vidare og fann ut at me ville knyta nærare kontakt med medisinstudentane, slik oppstod ideen om å laga eit felles arrangement.

– Kven er ditt største førebilete innan feltet du er engasjert i?

– Innafor helseformidling er førebiletet mitt Per Fugeli. Han er klar og tydeleg og legg ingenting imellom. Han når ut til folk, og det er viktig. Forskarar sit ofte og diskuterer seg imellom og er gjerne einige, men folk får ikkje veta noko av det, svarar Støre Pedersen, som gjerne skulle sett at fleire var flinkare å formidla kunnskapen ut til folk.

– Kor oppslukt er du i arbeidet med One Health, på ein skala frå 1 til 10?

– Elleve. Eg tykkjer det er ekstremt viktig å få til ein tverrsektorell tankegong og nå ut til folk. Det prøver me å gjere med Facebook-sida vår, i tillegg til at me jobbar med ei nettside.

– Kva bruker du resten av energien din på?

– Eg er veterinærstudent og det er ein fulltidsjobb. Elles er eg glad naturen. Å bruka naturen er jo helsefremjande. Eg er òg veldig interessert i mat. Eg er utdanna kokk og vegen derifrå til veterinær er ikkje så lang. Det er mellom anna veterinærar som står bak matproduksjonen i Noreg, seier veterinærstudenten med hjarta for norsk matproduksjon.  

– Har du One Health-relaterte draumar om natta?

– Det har eg. Eg er ikkje så flink å hugsa draumar, men dei er diverre fryktbasert for antibiotikaresistens er eit mareritt.

Og i den verkelege verda – kva drøymer du om å oppnå med ditt engasjement?

At eg kan vere med å byggja eit nettverk der akademikarar, fagfolk og politikarar, for det må løysast i fellesskap. Eg har mange ulike mål, men eitt viktig er knytt til antibiotikaresistens. At me skal ha felles regimer for behandling og ei einigheit mellom humanmedisinarar og veterinærar. Helst bør me unngå bruk av antibiotika og heller førebygga sjukdommane med vaksinasjon, avsluttar leiaren i One Health Norway.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.54

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE