Denne vekas bloggar selde seg sjølv til gamle tanter og onklar i den britiske overklassen.

Faktaboks

Verdas beste nynorske blogg

• Kvar veke ut 2014 kårar Framtida, i samarbeid med Noregs Mållag og Norsk målungdom vekas nynorske blogg.
• Når året er omme vil ein av desse kunne smykke seg med tittelen «Verdas beste nynorske blogg» og få ein pengepremie på 10.000 kroner.
• I juryen sit Synnøve Marie Sætre (Norsk målungdom), Kjartan Helleve (Noregs Mållag) og Svein Olav Langåker (redaktør i Framtida)
• Publikum kan nominere bloggar så lenge kåringa føregår.

Les fleire nominerte bloggar her!

LES FAKTALUKK FAKTA

Vekas beste nynorske blogg har lange tekstar, ingen bilete og oppdaterer sjeldan – men er ein draum å lese, ifølgje juryen.

Vi klikkar oss inn på, eller skal vi sei ned i, Kjellaren og møter ein vegg av ord. Lite bilete, ja. Det kan ein seie. I staden byr bloggen på raritetar som ‘stille andakt med open bar, der ingen talar før anden kjem over dei, diskotek med kristeleg tilsnitt, og røkkartevling med traktement på bakrommet og ingen dørvakter’.

Kva er dette? Utlapusventilen til ein halvkristeleg, småalkoholisert kortspelklubb?

Forsvunne i skogen
«Sume har fått føre seg at ein serskild person står attom heile butikken. Dette er lause rykte og kan omgåande avkreftast av sekretariatet», vert det opplyst på bloggen.

I kommentarfeltet vendar lesarane seg til ein Skjetne, men denne Skjetne gjev seg ikkje til kjenne – «Vi kjende ein Skjetne ein gong, men han forsvann i skogen», svarar i staden korporasjonen.  I staden vert ei lang rekkje namn lista som ‘lausleg assosierte’.

– Kan de setje meg i kontakt med dei som står bak Kjellaren? Bloggen er nominert i Framtida.no, Noregs Mållag og Norsk Målungdom si kåring av verdas beste nynorske blogg, og kan vinne 10. 000 kroner, skriv eg til nokre av namna på lista.

Den første som svarer har aldri høyrt om bloggen. Dei to neste sms-ane som tikkar inn avslører mysteriet: Skjetne er så visst ikkje forsvunne i noko skog.

Berre tull
Erlend Skjetne syner seg å vere ein skriveglad trøndar frå Melhus.

– Ein må omgje seg med litt mystikk, seier Skjetne sjølv, som tykkjer nominasjonen er ei særs hyggeleg overrasking.

– Det er ei stor ære å bli nominert. Eg har ikkje vore overtyda om at eg når ut, det er inspirerande å få litt merksemd. Om det er fortent veit eg ikkje, og heller ikkje om ein eigentleg kan kalle det ein blogg, seier Skjetne, som konsekvent omtalar seg sjølv som ‘vi’ på det i alle fall ‘vi’ kjem til å kalle ein blogg.

At det står noko korporasjon bak bloggen er berre tull.

– Det er berre meg. Kjellaren er ei side om mitt liv og mine mange ulike vener. Eg elskar å skrive og er svært interessert i menneske, jo fleire skavankar dei har dess betre. Difor er det perfekt for meg å kunne skrive så mykje eg vil om alle dei underlege menneske eg kjenner, innan bridge og andre miljø, forklarar han.

Skjetne er i tillegg svært interessert i litteratur, og freistar å flette særleg lyrikk inn på Kjellaren òg. I ny og ne skriv han også tekstar og kommentarar for Magasinett som òg blir publisert på Framtida.no.

Bloggen stammar frå Skjetnes spede studiestart.

– Då eg flytta til Trondheim for å studere, måtte eg ta til takke med å bu i ein kjellarhybel, der eg så vidt kunne skimte ugraset utanfor vindauget. Det var både ein fysisk og mental kjellar, kan du seie. Det er lenge sidan eg budde der no, men eg vart på ein måte programforplikta til å halde på den negative innstillinga, seier han.

Bridge med overklassen
Skjetne verkar ikkje eigentleg så veldig negativ. Humringa sit laust på telefon frå Tromsø, der han for tida held seg. Sjølv om han er født og oppvaksen mitt i det bokmålsskrivande trønderland, valde han etter ungdomsskulen å skrive nynorsk, noko han sidan har haldt fram med.

Forutan å ha studert nordisk litteratur i Trondheim, har Skjetne representert Noreg på juniorlandslaget i bridge i mellom anna NM og VM. Han er også redaktør i medlemsbladet til Norsk bridgeforbund.

Brigdeinteressa set sitt preg også på bloggen, og det vert umogleg å snakke med Skjetne utan å kome innom dette kompliserte kortspelet, som vel berre gamle tanter spelar? Ikkje?

I England er brigde i stor grad noko overklassen held på med, stadfestar Skjetne.

Han har førstehandskjennskap til det engelske bridgemiljøet, der han det siste året har søkt lukka som profesjonell bridgespelar.

– Bridge er eit parspel, der ein alltid har ein makker. I England er det vanleg at rike gamle tantar og onklar, som kanskje sjølv ikkje er så gode, kjøper seg ein dyktig makker for å betre eigne resultat. Eg arbeidde eitt år som betalt spelar, seier Skjetne, og legg til:

– Det er ei form for prostitusjon.

Erlend Skjetne fortel han deltok under ei turnering i The Royal Automobile Club, Pall Mall, downtown London.

– Eg fekk høyre at det var påbod om dress og sløyfe, og måtte leie meg båe delar fordi eg ikkje hadde det med frå Noreg, berre for å koma og oppdage at mange andre tok temmeleg lett på kleskoden, og slapp unna med det. Men eg fekk då ein del skryt for sløyfa i laupet av den helga.

I England budde han i noko tilnærma likt eit herskapshus, og måtte stadig spele i dress og slips i tråd med engelsk kutyme.

– Eg spela med forskjellige gamle tanter med lilla hår og gamle onklar med bukseselar. Alle hadde dei millionar av pund gøymde under hovudputene heime på sine respektive gods. Eg tente for så vidt greitt der borte, men vart ikkje veldig rik, det var mest som eit sosialt studium heile greia. No er eg altså attende i Noreg og vonar at eg kan livnære meg sånn høveleg av å skrive, på eit eller anna vis.

Og her heime er bridgemiljøet ganske annleis:

– Gjennomsnittsalderen er heldigvis ein god del lågare innan norsk bridge enn innan den engelske! I Noreg kjem spelarane frå alle samfunnslag. Det er eit klasselaust samfunn og verkeleg eit interessant miljø, med mange vidt forskjellige folk. I byrjinga var det spelet eg vart hekta på, men etter kvart har det sosiale blitt vel så viktig for meg, seier Skjetne.

Håpar på oppsving
Sjølv om det har gått litt nedover dei siste åra, har Noreg tidlegare lege i verdseliten innan kortspelet. Mellom anna vann Noreg EM i 2008 og VM i 2007. Til neste år vert det VM i bridge i Tromsø. Skjetne håpar på eit oppsving for bridge, og innrømmer at han kastar nokre grøne blikk til sjakkbølgja som rir landet, med Magnus Carlsen surfande på toppen.

– For augeblinken er eg litt sjalu, ja, men eg er optimist og håpar på eit oppsving også for bridge. Bridge og sjakk er ganske nært i slekt, sjølv om bridge kanskje er litt vanskelegare tilgjengeleg for ålmenta.

LES OGSÅ: Ei ny von for tankesportane

Medan Skjetne ventar på eit oppsving, kan han i allefall trøyste seg med at han kanskje blir mannen bak verdas beste nynorske blogg. For når ein tek nærare kik på historiene som ligg i veggen av ord på Kjellaren, er det vanskeleg å slutte å lese «denne såkalla ‘bloggen’», som Skjetne sjølv skildrar som «eit nederlag på alle tenkjelege vis».

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.54
ANNONSE