Rusmisbruk går i arv

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Når ein vaksen rusar seg, er det ein stor risiko for at også barna byrjar å ruse seg. Det seier psykiater Anne Kristine Bergem i Rådet for psykisk helse i den nyleg publiserte boka «Rusomsorg i praksis», utgitt av Stiftinga Retretten, som hjelper rusmisbrukarar til eit liv utan rus.

LES OGSÅ: Mindre rus, meir stress

Sosial og biologisk arv
Tidlegare trudde forskarane at rusmisbruk var mindre arveleg enn dei veit i dag, skriv Aftenposten.

Psykologspesialist Kari Ravnanger arbeider ved Kompasset (Blå Kors) i Bergen og tek dagleg imot unge som strever med livet.

– Om eit barn veks opp med alkoholikarar eller foreldre med andre rusproblem, er faren stor for at du sjølv utviklar eit avhengigheitsproblem. Ein har både ein sosial og biologisk arv og blir fødd med ei sårbarheit som kan utvikle vanebruk, seier ho til avisa.

LES OGSÅ: Kjærast med rus

Bruk fører til misbruk
Begge får støtte av forskar og psykolog Eivind Ystrøm i Folkehelseinstituttet.

– Oppvekstmiljø og tilgjengelegheit er viktig for om du prøver ut narkotika. Nokre få av alle som prøver ut narkotika, blir misbrukarar. Og dei fleste misbrukarar har ein genetisk sårbarheit som dei ikkje kjenner til på førehand, seier han.

– Ingen veit på førehand om dei er arveleg disponerte eller ikkje. Ein må bruke rusmiddel for å kunne bli rusmisbrukar. Bruken vil løyse ut misbruket hos dei som er genetisk disponert, og denne sårbarheita er mykje sterkare enn vi tidlegare trudde, seier han. (©NPK