– Ekstra studieår gir 10 prosent høgare lønn

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette gir høgare lønn

Professor Kjell G. Salvanes ved Norges Handelshøyskole (NHH) står bak studien, saman med Manudeep Bhuller frå Statistisk sentralbyrå og Magne Mogstad frå Universitetet i Chicago, skriv Dagens Næringsliv.

Dei tre har undersøkt kor mykje lønn ein får att for eit ekstra år med utdanning i Noreg. Salvanes meiner forskarane har komme fram til eit svar som er betre enn tidlegare forsking på området.

– For å svare godt på spørsmålet treng du inntektsdata på heile livsløpet til personar. Den type data er ikkje lett tilgjengeleg, men i Noreg har vi gode registerbaserte data både for inntekt og utdanning. Når vi då gjer ein internrente-analyse, som er det vanlegaste prinsippet for å vurdere alternative investeringar, viser ho at avkastinga for høgare utdanning er veldig høg når du brukar heile inntektsstraumen, seier Salvanes.

LES OGSÅ: Desse studia gjev best løn

Tidlegare forsking har vist ei positiv avkasting på utdanning i Noreg på mellom 5 og 6 prosent. Salvanes meiner den nye studien, som viser avkasting på 10 prosent for eitt ekstra studieår, er meir nøyaktig.

Det er likevel ikkje slik at alle studium gir like god avkasting, men gjennomsnittet er uansett ganske høgt, legg han til, og avviser at for mange tek høg utdanning i Noreg. (©NPK)

GÅ TIL TEMASIDENE VÅRE FOR YRKESVAL!