...så får du kanskje med deg nokon heim frå byn. Sametinget lærer deg å flørte på samisk.

Sjå føre deg at din nye flamme lenar seg tett inntil deg og kviskrar i øyret ditt: «Du fas oaidnit ligge mu dego vuosttaš miesáža oaidnin giđđaiđida».

– Hæ, hadde du kanskje svara.

Men det var før. No kan du berre fiske fram Sametingets nye samiske lommeparlør frå innarlomma, slå opp og kjenne varmen frå orda; «Å sjå deg att varmar som synet av den første reinkalv ein tidleg vårmorgon», strøyme gjennom kroppen, før du nikkar forventingsfullt når han med mjuk stemme spør:

– Duoddara prinseassa, oaččun go cummestit du? (Viddas prinsesse, får eg kysse deg?).

LES OGSÅ: – Eg har det i blodet

Får eg bli med deg heim?
Sametinget vil freiste dei unge til å snakke meir samisk. Difor har dei i høve kampanjen «Snakk samisk t’ mæ», lansert ein lommeparlør med meir eller mindre nyttige frasar på både nordsamisk, lulesamisk og sørsamisk.

Her finst ord og uttrykk du kan nytte i skulen, heime, med vener, i naturen og på fest. Er du av den direkte typen, kan du til dømes raskt finne fram nokre (potensielt) verksame fraser i parløren, som:

– Čohkket dál mu askái (sett deg på fanget mitt).

– Don lea nuuuu čáppat (du er utruleg pen).

– Oaččun go du mielde ruoktot? (Får eg bli med deg heim?)

QUIZ: Kva veit du om samar?

Til og med bakkane smilar
Kjekkast er det sjølvsagt med frasane ein kan bruke til å gjere inntrykk på sin utkåra. Det tykkjer sametingspresident Aili Keskitalo òg.

Hennar personlege favoritt er uttrykket; «Til og med bakkane smilar når din joik høyrest».

– Eg ser før meg nokon som er ute og slit, kanskje på molteplukking, jakt eller reinskiljing, som joikar til ein han er glad i. Då vert slitet så mykje lettare! Uttrykket syner både relasjonar, joiken og nærleiken til naturen i den samiske kulturen. Det rører ved hjartet, må eg sei, utdjupar Keskitalo, og legg til:

– Også er det litt meir subtilt enn nokre av dei andre uttrykka i parløren.

Sametingspresidenten siktar til meir svulstige formuleringar, som; «Čáppat dego láttakeahtes luomi» (Du er pen som eit nyutsprunge moltebær). Eller kva med «Du modji ligge dego dolla lávus sevdnjes čakčaeahkedis» (Ditt smil varmar som bålet i lavvoen ein sein haustkveld)?

– Samstundes, mykje av det som verkar svulstig på norsk, flyt som poesi på samisk, lovar ho.

LES OGSÅ: Å etablere eit språk med andre menneske

Hahaha, du rødmar!
Det er Marion Aslaksen Ravna frå Tana einig i. Ho er styremedlem i den samiske ungdomsorganisasjonen Noereh, og har sjølv blitt samanlikna med både vårsola og moltebær.

– Mange av dei samiske uttrykka er ganske vanlege. Kanskje kan dei som ikkje snakkar samisk, få inspirasjon til å bruke store ord og vere litt poetiske i kvardagen også, seier ho.

19-åringen er begeistra for parløren.

– Den er heilt genial! Den er artig, med enkle og spreke munnlege uttrykk som vi bruker til vanleg. Kanskje eg ikkje kjem til å bruke dei største kjærleikserklæringane med ein gong. Men, ein kan jo laste parløren ned på mobilen og framstå som ganske proff om ein dreg ein av dei ein sein kveld, meiner Aslaksen Ravna.

Ein av hennar favorittar er frasa: «Hahaha, ruvssodit muođut vel» (Hahaha, du rødmar jo).

LES OGSÅ: – Eit gjennombrot for samisk

Vil lokke ungdom til å tore
Aslaksen Ravna trur Sametinget treff ungdom med ordboka. Og nettopp å lokke unge til å snakke meir samisk er føremålet.

Ifølgje sametingspresidenten er det få unge som brukar samisk aktivt.

– For mange er terskelen for å snakke samisk høg. Samisk er eit historisk undertrykt språk, det rår ei myte om at samisk er eit særskilt vanskeleg språk å lære, og andre er redde for å seie noko feil. Eg trur vi må leggje dette bak oss. Unge må tore å kaste seg utpå, og språkrøktarane må vere tolmodige. Det er mykje farlegare dersom ingen vågar å bruke samisk, seier Keskitalo.

Aslaksen Ravna stadfestar at mange unge vel norsk framføre samisk, sjølv om ein kan møte mykje goodwill om ein snakkar samisk.

– Sjølv skulle eg ønske eg brukte samisk meir. I sosiale media til dømes, føler eg meg ofte slitt mellom ønsket om å bruke samisk og om at flest mogleg skal forstå meg. Let ein vere å bruke samisk er ein med på å usynleggjere det. Eg vil heller få det inn som ei rutine. Her kan jo faktisk parløren vere nyttig – den gjer det lettare å slenge inn ein kommentar på samisk under eit bilete eller hashtagge med samiske ord, seier ho.

LES OGSÅ: Vil ha Norsk målungdom på samisk

Katti sist?
I parløren kan ein finne ord og uttrykk på dei tre samiske språka, i tillegg til norsk. Innanfor dei samiske språka finst ulike dialektar og skilnadene kan vere store. Medan samar i grenseområde kan forstå kvarandre godt, kan nordsamar i Kautokeino til dømes ha vanskar med å forstå sør-samisk.

– Ein kan samanlikne skilnaden mellom nord- og sørsamisk med den mellom norsk og tysk. Vi forstår nokre ord og kan ofte få med oss kva det handlar om utifrå samanhengen, men vi må trene oss opp for å forstå kvarandre skikkeleg. Å senke grensene mellom dei samiske språka er også eit mål med parløren, seier Keskitalo.

Ikkje all norsken er like enkel for ein søring heller. Under ord og uttrykk ein kan bruke på fest, står til dømes spørsmålet «Katti sist?», som på samisk blir anten «Goas maŋemuš?», «Goassa maŋemusát?» eller «Gåessie minngemes?».

Kva tyder ‘katti sist’?

– Altså, det er opent for tolking.

Sametingspresidenten trekk litt på det.

– Det tyder vel ‘kva tid fekk du deg noko sist’, ler ho, og legg til:

– Nytteverdien på uttrykka er nok litt varierande, og det er kanskje nokre litt omdiskuterte uttrykk i parløren.

LES OGSÅ: – Ver demokratiet!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.54

Kommentarar

ANNONSE