– Eit gjennombrot for samisk

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Barneboka Vaffelhjarte har vorte TV-serie, skal bli teater og er omsett til 21 språk. I november kom også boka på samisk. Det tykkjer forfattar Maria Parr er ekstra stas. Forlagsredaktør Ragnfrid Trohaug meiner det er eit gjennombrot

– Det er veldig kjekt at forlaget ville omsetje boka til samisk. Det er litt ekstra stas med samisk, kjenner eg, nettopp fordi det er eit språk som treng meir litteratur for barn og unge, seier Parr.

Ho er stolt over at boka hennar har fått kome ut på samisk.

LES OGSÅ: – Forteljingar endrar verda

Forlagsredaktør for barne- og ungdomslitteratur i Samlaget, Ragnfrid Trohaug, er svært nøgd med å kunne halde den samiske utgåva av Vaffelhjarte i handa.

– Eg fekk klump i halsen. Samiske barn og unge har fortent å få denne fantastiske boka på sitt eige språk. Maria har allereie blitt ein moderne klassikar og vi fortener alle å lese litterære perler på vårt eige språk, seier Trohaug.

I sommar skreiv Framtida.no om ungdomsorganisasjonen Noereh!, som etterlyste fleire ungdomstitlar på samisk.

– I dag kjem nesten ikkje noko populærlitteratur ut på samisk. For å få faktisk jamstilling, ynskjer vi at fleire bøker vert gjeve ut på både samisk og norsk, sa leiaren i Noereh!, Helge Aslaksen Ravna.

Vil skape leselyst blant unge
Det samiske bokforlaget Davvi Girji står bak omsetjinga.

– Vi har veldig lite barne- og ungdomslitteratur på samisk, og treng fleire gode og spanande bøker for å skape leselyst blant unge. Vi vil satse på dette, fordi det er veldig viktig at ungdom har tilgang til gode bøker på samisk. Vaffelhjarte har vore ei populær bok og er ei god lesaroppleving, og difor var vi interessert i den, seier Lill Hege Anti, som er redaktør og omsetjar i forlaget.

LES OGSÅ: Vil ha faktisk jamstilling for samisk

Anti håpar at omsetjinga svarar til originalen og er spanande å lese.

– Vaffelhjarte har solgt godt og fått god kritikk, og vi håpar å få same respons på den samiske versjonen. Medan nesten all barnelitteratur på samisk er frå eit samisk perspektiv og med den samiske kulturen som utgangspunkt, er dette ei omsett bok med ei annleis forteljing og kanskje også ei meir moderne bok på samisk, seier ho.

Håpar på fleire omsetjingar
Nestleiar i Arbeidarpartiet Helga Pedersen, har tidlegare uttala at ein må omprioritere bruken av språkpengar for samiske føremål. Ho meiner det er viktigare å omsetje populære ungdomsbøker som Harry Potter til samisk, enn å omsetje samiske sakspapir til det eine kommunestyret etter det andre, ifølgje NRK.

Forslagsredaktør Ragnfrid Trohaug er einig med Pedersen.

– Omsetjinga av Vaffelhjarte er eit gjennombrot, fordi det er veldig få barnebøker på samisk og fordi det er så viktig å omsetje populære bøker til små språk, seier ho.

Trohaug meiner at minoritetsspråk er avhengige av omsatt litteratur for å halde på dei unge lesarane.

– Samiske unge er i ei særstilling, fordi dei kan både samisk og norsk. Eit samanliknbart døme er Færøyane. Der har forlagssjefen slege fast at populære bøker som Harry Potter og Twilight må vere tilgjengelege på færøysk. Får ikkje færøyske barn og unge det same tilbodet som andre europeiske unge på sitt eige språk, så les dei like godt bøkene på dansk eller engelsk, seier ho.

Ho kjenner att problemstillinga frå sitt eige arbeid med nynorsk barne- og ungdomslitteratur.

LES OGSÅ: – Eg har det i blodet

– Ein viktig del av min jobb er å dyrke fram nye nynorske stemmer, men den nynorske litteraturen må verte supplert med omsett litteratur. Nynorske, samiske eller færøyske barn og unge er ikkje annleis enn andre. Dei vil også lese Harry Potter, Twilight eller Vaffelhjarte, seier ho.

No meiner Trohaug tida er inne for ei satsing på omsett litteratur for barn og unge.

– Sametinget og dei samiske forlaga gjer ein veldig god jobb med å dyrke fram samisk litteratur. Samstundes meiner eg at vi er på eit kritisk tidspunkt, der vi burde bestemme oss for å at vi skal satse på å lage eit godt grunnlag av bøker omsette til samisk. Slik kan vi sikre at barn og unge blir gode på sitt eige morsmål.

QUIZ: Kva veit du om samar og samisk kultur?

Vil prioritere samiske forfattarar
Sametinget har sett av omkring like mykje som i fjor til utgjeving av samisk litteratur, kring seks millionar kroner. I tillegg til søknadar om eigenproduksjon, kan forlaga søke om midlar til omsetjing.

– Vi har ikkje klart å tilfredstille alle søknadane vi har fått inn. Det heng mellom anna saman med at vi har tre språk som vi skal omsetje til, nordsamisk, kildinsamisk og sørsamisk. Det inneber ein meirkostnad, seier ansvarleg politikar på Sametinget, Henrik Olsen (NSR) (bildet).

Han sit i Sametingsrådet, som fordeler midlane. Olsen anslår at det til saman vart søkt om kring 18 millionar til samisk litteratur frå Tinget i fjor.

– Vi skulle sjølvsagt ønske at vi kunne støtte fleire bøker. Dei samiske forlaga er heilt avhengige av støtta frå Sametinget for å gi ut på samisk. Då er det opp til oss kva vi er i stand til å stille opp med av midlar, seier han.

Olsen seier Sametingsrådet er opptekne av barne- og ungdomslitteratur.

– Særleg for ungdom er det lite som vert skrive av samiske forfattarar. Vi er veldig opptekne av å få ut litteratur for ungdom, og legg særleg vekt på manuskript som er skrivne på samisk. I 2014 har vi sett av ein halv million kroner for å stimulere til utvikling av tekstar, anten gjennom stipend eller til skrivekurs. Vi disponerer også midlar gjennom Kunstnarrådet, som deler ut til både samiske kunstnarar og forfattarar, seier han.

LES MEIR: Å etablere eit språk med andre menneske