1 av 12 er arbeidsnarkomane

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Test om du er arbeidsnarkoman

Jobben er viktig for oss, men nokon er ute av stand til å lausriva seg frå han. Desse blir kalla arbeidsnarkomane. Fenomenet har blitt studert av forskarar i rundt 45 år, men det er likevel vanskeleg å finne påliteleg statistikk om kor mange og kven som vert ramma. Forskingsfeltet har stort sett bygd på dårlege måleinstrument brukt i små, ikkje-representative amerikanske utval.

Cecilie Schou Andreassen, klinisk psykologspesialist, postdoktor ved Det psykologiske fakultetet, har leidd den første studien som kartlegg arbeidsnarkomani i eit landsrepresentativt utval. Resultata blir publiserte i forskingstidsskriftet PLOS One.

LES OGSÅ: Desse jobbar hardast

Ingen kjønnsforskjellar
Forskarane fann at 8,3 prosent – 1 av 12 – av nordmenn er arbeidsnarkomane.

– Me fann at yngre blir ramma i større grad enn eldre, men det er elles ingen skilnad med omsyn til kjønn, utdanningsnivå, sivil status eller stillingsprosent, seier Schou Andreassen i ei pressemelding på UiB.no.

Funna viste òg at dei med barn buande heime var meir utsett enn dei utan.

LES OGSÅ: Google-sjef: – Betre for folk med kortare arbeidsveker

Test deg sjølv!
I kartlegginga har Schou Andreassen og kollegaer brukt det eigenutvikla verktøyet Bergen Work Addiction Scale. Denne bruker sju kriterium til å identifisere arbeidsnarkomani:

• Du tenkjer på korleis du kan frigjera meir tid til å jobbe

• Du jobbar mykje meir enn du eigenleg har planlagt/tenkt

• Du jobbar for å redusera kjensler av skuld, angst, hjelpeløyse og/eller depresjon

• Du blir stressa dersom du blir forhindra frå å jobba

• Du har blitt oppfordra av andre til å redusera jobbingen, utan å høyra på dei

• Du nedprioriterer hobbyar, fritidsaktivitetar og/eller trening på grunn av jobben

• Du jobbar så mykje at det har gått utover helsa di

Dersom du svarar ”ofte” eller ”alltid” på minst fire av dei sju ledda kan det tyda på at du er ein arbeidsnarkoman.

Det er spesielt tre personlegdomstrekk som dukkar opp hos mange arbeidsnarkomane:

• Nevrotisisme (typisk engsteleg, sårbar, fiendtleg)

• Medmenneskelegheit (typisk kjenslevar, føyeleg, hjelpsam)

• Openheit for erfaring (typisk idérik, handlingsorientert, open for nye impulsar)

LES OGSÅ: Mindre rus, meir stress

Store negative konsekvensar
Det er stor skilnad på å vera avhengig av arbeid og å vera avhengig av narkotikum. Arbeidsnarkomani blir gjerne premiert av samfunnet, og det blir forbunde med produktivitet.

– Samstundes veit me at arbeidsnarkomani er ei negativ åtferd som kan ha store negative, helsemessige, sosiale og organisatoriske konsekvensar. Men sidan det ikkje er ein formell diagnose så har utvikling av behandlingsmodellar og reelle behandlingstilbod blitt skadelidande, seier Schou Andreassen til UiB.no.

Sidan meir enn åtte prosent av folkesetnaden synest å lida av arbeidsnarkomani, meiner Schou Andreassen det understrekar behovet for god behandling og tiltak.

LES OGSÅ: Dei merkelegaste hallusinasjonane