Mindre rus, meir stress

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ungdomskriminalitet og rus er framleis på veg nedover blant norsk ungdom. Dei trivst på skulen, skulkar mindre enn sine foreldre, har gode vener og er nøgd med mor og far, likevel er det ikkje berre rosenraudt bak fasaden.

LES OGSÅ: – Norsk ungdom har det sjukt bra

Stress og søvnproblem
Årets Ungdata-rapport syner at mange unge slit psykisk. Eit aukande tal ungdommar – og då først og fremst unge jenter – rapporterer om psykiske helseplager i kvardagen.

Urovekkande mange melder om stressymptom som søvnproblem og uro. Dei stressar seg sjuke.

Rapporten er utarbeidd av Norsk institutt for forskning om oppvekst og aldring (NOVA) og baserer seg på svar frå 63.000 norske ungdomsskuleelevar i 150 norske kommunar.

I tillegg er det lagt inn svar frå nesten 15 000 ungdommar i første året på vidaregåande skule.

LES OGSÅ: Deppa jenter har mest vondt

Stressa jenter
Andelen gutar med psykiske helseplager har halde seg nokså stabil sidan førre rapport – som tok føre seg perioden 2010-2012 – medan andelen jenter med psykiske problem har auka.

Omfanget av psykiske helseplager ser ut til å auke utover i ungdomsskulen, men flatar ut i overgangen til vidaregåande skule.

18 prosent seier dei er einsame, og omlag like mange fortel at dei er sinte og aggressive.

 Talet på unge som er utsett for mobbing ligg stabilt på sju prosent, medan færre meiner dei plagar og truar andre

NOVA-forskar Anders Bakken forklarar for NRK at bruken av sosiale medier har auka stresset dei unge vert utsett for.

– Eg trur mykje handlar om kravet om å vere perfekt. Mange unge opplever eit voldsomt press om å lukkast i skulesystemet. No er òg kravet om å vere vellukka utvida til å gjelde kroppen. Kropp og utsjånad vert avbilda og studert heile tida i sosiale medier, seier Bakken til NRK.

Han peikar òg på at krava i skulen er vorte strengare enn før. Noko som samla sett kan verte for mykje og føre til at såkalla vellukka ungdommar slit.

LES OGSÅ: Unge må leva opp til eit glansbilde

Skuleflinke med framtidshåp
Ungdomsskuleelevane er meir pliktoppfyllande og disiplinerte enn for berre nokre tiår sidan.

Fleire nyttar mykje tid på lekser og færre skulkar. Fire av fem melder at dei ikkje har skulka siste året, men jo eldre dei vert jo fleire skulkar. I 8. klasse har 11 prosent skulka og på vidaregåande har 40 prosent hatt fråvær utan grunn.

Generelt er ungdom ambisiøse og optimistiske med tanke på framtida. Tre av fem trur dei kjem til å ta høgare utdanning. Jentene har høgast ambisjonar, medan kring halvparten av gutane trur dei vil ta universitets- eller høgskuleutdanning.

Mindretalet – 14 prosent – trur dei vert arbeidslause som vaksne.

Tre av fire trur dei får eit lukkeleg liv og over halvparten planlegger å verte buande i Noreg.

LES OGSÅ: – Fråfall frå vidaregåande aukar risiko for trygd

Kompisforeldre
Ungdom er òg nøgde med foreldra sine, som dei opplever som støttespelarar i kvardagen. Dette meiner Bakken kan skuldast eit mindre gap mellom generasjonane, der val, klesstil og musikksmak er meir samanfallande enn før.

Dette kan òg vere noko av grunnen til at ungdom i dag nyttar meir av fritida si heime. Over 70 prosent seier dei er heime minst to heile kveldar i veka. Nesten 90 prosent seier at dei hjelper til med praktiske gjeremål i heimen.

Men mykje av tida går med framfor ein dataskjerm, og slik kan ungdom vere sosiale med vener frå si eiga stove.

Omlag halvparten nyttar meir enn to timar av fritida framføre datamaskina på kvardagar, medan éin av tre nyttar meir enn tre timar. Tidsbruken foran datamaskina har gått ned dei to siste åra, noko som kan koplast til at mykje av bruken er flytta til mobil og nettbrett.

LES OGSÅ: Vidaregåande gir mindre kriminalitet

Lastar ned ulovleg
Fritidsklubbar, korps, kor, speider og religiøse foreiningar har medlemssvikt.

Idrettslaga har framleis størst oppslutning, men stadig fleire trener individuelt. Ungdom trener nemleg meir enn før, men då på eigenhand og i treningsstudio.

Ungdomskriminaliteten auka i etterkrigstida, men har gått ned siste tiåret. På 50-talet var det 14-åringar som dominerte krimstatistikken, men no har 19-åringar teke over.

Berre 5-7 prosent svarar at dei har vore med på hærverk, nasking eller tagging siste året.

15 prosent svarar at dei har brote lova, noko som er ein klår nedgang frå 2010–12, då 21 prosent svara ja på same spørsmål.

Ulovleg nedlasting av filer er det vanlegaste lovbrotet. 39 prosent vedkjenner at dei har brote lova med å laste ned ulovleg, men òg her er det nedgang.

LES OGSÅ: Slutt på fyll etter portforbod

Lite harde stoff
Rus, røyk og åtferdsproblem er mindre utbreidd blant ungdom – særleg på ungdomsskulen.

Talet på dei som rusar seg vert dobla frå siste året på ungdomsskulen til fyrste året på vidaregåande.  Då har halvparten vore rusa på alkohol, åtte prosent røykjer og like mange har prøvd hasj.

Hardare stoff som kokain, ecstasy og heroin er lite utbreidd.

Les meir om Ungdata-undersøkinga her.

Her kan du sjå Ungdata-resultat frå ditt fylke.