Dårlegare tilbod til dei sjukaste

Opptrappingsplanen for psykisk helse skulle prioritere dei aller sjukaste. Det stikk motsette skjer, ifølgje ein ny Sintef-rapport.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

LES OGSÅ: Fare for å blande ADHD og bipolar liding

Sidan 1999 er kvar tredje døgnplass i spesialisthelsetenesta lagt ned, utan at desse pasientane får eit tilsvarande tilbod i kommunane, ifølgje forskar Solveig Ose i Sintef. Sintef har følgt feltet sidan byrjinga av 2000-talet, og meiner nedbygginga innanfor døgntilbodet i psykisk helsevern i spesialisthelsetenesta går for fort, skriv Gemini.no.

Ose har rekna ut at ein ved betre førebygging i kommunane kunne ein firedel av pasientane i psykisk helsevern ha unngått innlegging i spesialisthelsetenesta.

I den nyleg publiserte rapporten kjem det også fram at berre 42 prosent av pasientane som har behov for døgnbemanna omsorgsbustad når dei vert skrivne ut frå døgnbehandling, er sikra eit slikt tilbod.

LES OGSÅ: – Må ta psykisk helse på alvor