Jentedominans i høgare utdanning

Tendensen held fram, jentene er i frammarsj innan høgare utdanning – også ved prestisjestudia.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Jentedominans i utdanninga

Samla sett er om kring 60 prosent av dei som har fått tilbod om studieplass kvinner, fortel NRK.no.

LES OGSÅ: Tener mindre fordi dei er kvinner

Legar og tannlegar
Det er overvekt av jenter også innan mange av studia ein tradisjonelt har rekna som «prestisjestudium». Nokre av dei største kjønnsforskjellane finn ein eksempelvis ved medisinstudiet til Universitetet i Bergen (UiB) der 75 prosent av dei som har fått studieplasstilbod, er kvinner. Ved odontologistudiet (tannlege) til UiB er heile 84 prosent av dei som har fått tilbod om studieplass, kvinner. På jusstudiet er talet 61 prosent i favør av kvinnene.

LES OGSÅ: NTNU gir alt for jentene

Mannetung informasjonsteknologi
Ifølgje NRK tek jentene innpå også i økonomi- og realfaga. Men innan informasjonsteknologi er det framleis sterk overvekt av gutar. (©NPK)