Ingen bak rattet

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Korleis køyre utan førar?

Det er mykje snakk om ein transportrevolusjon om dagen – bilar som køyrer utan førar. Det høyres fantastisk ut, og spørsmålet er korleis det eigentleg fungerer.

– Det er som å ta heisen, berre at den går bortover, fram og tilbake. Og så parkerer bilen sjølv, forklarar Gunnar Jenssen, transportforskar ved Sintef.

Han fortel at i den siste tida har det blitt gjort store, teknologiske framsteg.

– Sjølvparkerande bilar har me hatt i lengre tid – i låga hastigheiter går det bra. Gjennombrotet er med høge hastigheiter.

LES OGSÅ: Spelekvinne blant spelemenn

Nært og fjernt

Det er den enkle versjonen. Og faktisk treng det ikkje vera så mykje vanskelegare – maskina gjer jobben sjølv.

– Det er ein kombinasjon av satellitt og lokal posisjonering som tolkar vegen framfor deg. Sjølvparkerande bilar som gjer det same med låg fart har me hatt lenge, men gjennombrotet ligg i dei høge hastigheitene, seier Jenssen.

Med andre ord vil maskina ta over bilen – satellitten forklarar kvar den er og kvar den er på veg, medan sensorar på bilen passar på svingar, andre køyretøy, og fotgjengarar.

LES OGSÅ: Spår store gjennombrot i kreftforsking

Steg for steg

Jenssen forklarar at det med gradvis utvikling me har bevegd oss mot den førarlause bilen.

– Det første var automatgiret. Seinare fekk me cruise-control, som har utvikla seg til også å kontrollera avstand til bilen framfor. Og så har det komme sensorar som til dømes seier ifrå når du køyrer av vegen.

Det neste steget er altså at du kan surfa på nettet sjølv om du sit bak rattet.

Google er ein av dei som ligg fremst i utviklinga av førarlause bilar. Her kan du sjå litt av korleis det fungerer. Video: Google

LES OGSÅ: Førarlause bilar lovleg til neste år

Er det trygt?

Det er openbare grunnar til skepsis – vil ei datamaskin kunne køyra like trygt som eit menneskje?

Til no ser det lovande ut. I California og Nevada, der det er lovleg med førarlause bilar, passerte Google sine bilar 700 000 km utan ulukker i vår.Det er potensiale for mange færre ulukker med førarlause bilar.

– Bilane har vist seg å vera sikre kvar for seg, og Google har vist at deira bil er sikker gjennom tre år. Dei har og knekt ein del tekniske utfordringar.

Utfordringane han snakkar om er til dømes sensorar som sleit med snøvêr eller støvete vegar, noko dei no har komme forbi. Han seier og at smale vestlandsvegar utan dekning ikkje skal vera noko problem.

– Me har lenge hatt system som skjønnar at signala frå satellitten går vekk i tunellar og liknande. Då slår den over til nærsystemet, og hugsar kvar du var sist.

LES OGSÅ: Gamle mobilar gull verd

Mange bruksfelt

– Google har patent på eit system, der ein førarlaus bil hentar deg til ein butikk i nærleiken om du har handla for visst mykje på nett, forklarar Jenssen.

Det er berre ein av mange måtar å bruka førarlause bilar på. Eit prosjekt som heiter Citymobilfokuserer blant anna på bruk av førarlause bilar i historiske område. Den same gruppa jobbar og med førarlause køyretøy på flyplassar, som dei har testa ut på Heathrow.

– Det første store dømet me hadde var containerar som kunne køyra rundt sjølv på industriområde, forklarar Jenssen. Men han legg til at desse var overvaka og fjernstyrt.

LES OGSÅ:Harry Potter skapar toleranse

Bilane snakkar saman

Eit viktig steg i utviklinga er kommunikasjon mellom bilane. Trafikkavviklinga blir gjort greitt med sensorane som er på plass, men det er og mogleg at bilane kan snakka med kvarandre.

– Er det hindringar på vegen vil det kunne sendast  beskjed om det til andre bilar i området. Det blir gitt varsel om ting som har betyding for trafikken.

LES OGSÅ: Norsk radar til Mars

Google er nærast

Når me får sjå førarlause bilar i Noreg, torer ikkje Jenssen heilt å spå.

– Det er vanskeleg å sei, men eg trur me vil ha prøveprosjekt ganske snart, kanskje allereie til neste år. Men til sal for alle, det trur eg vil ta lengre tid.

Jenssen meiner det er Google som ligg lengst framme med tanke på kommersielt sal, og at dei har stått for eit paradigmeskifte.

– Eit av dei første store hindera for førarlause bilar har vore lovverket. Det krevjer ein førar bak rattet. Men i 2012 fekk dei endra lovverket så bilen kan vera heilt førarlaus.

Dette førte til at det vart lovleg med førarlause bilar i California, Nevada og Florida. I Japan er det opna for førarlause bilar på offentlege vegar, og der har dei testa ut systemet på motorvegar. I 2017 blir det gjort eit forsøk med 100 førarlause bilar i Gøteborg, og sist ut er britane som inviterer tre byar til å testa ut førarlause bilar.