Harry Potter skapar toleranse

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det skriv Videnskab.dk og Medical Daily om i dag. Dei italienske elevane som var med på studien var meir tolerante mot minoritetar om dei hadde lest Harry Potter og identifiserte seg med hovudpersonane.

LES OGSÅ: Skeptiske til Star Wars

Mudblood!

I bok- og filmserien dukkar minoritetar opp ved fleire anledningar. I trollmannverda bli vanlege folk – utan magiske evner – kalla «muggles», eller «gompar» på norsk. Med giftig tunge blir dei og kalla «mudbloods» av til dømes Malfang-familien.

Dette har ført til at mange ser ein samanheng mellom Voldemort – hovudskurken i Harry Potter – og Adolf Hitler, som begge såg for seg eit meir reinrasa samfunn. Denne parallellen har og forskarane i studien tatt.

LES OGSÅ: Vilt og uendeleg interessant

Meir empati

Forskarane fekk 34 italienske femteklassingar til å fylla ut eit spørjeskjema om minoritetsgrupper, før dei same elevane las utdrag frå Harry Potter-bøkene over seks veker. Utdraga fokuserte spesielt på fordommar og minoritetar, og til slutt fylte dei ut eit nytt spørjeskjema.

Då viste dei meir empati mot minoritetar. Det gjaldt spesielt elevane som også identifiserte seg med Harry Potter sjølv.

LES OGSÅ: I denne nasjonalparken er det mobilforbod