Forfattar Frode Grytten tykkjer det er oppsiktsvekkande at ikkje fleire forfattarar publiserer på andre plattformer enn papir. No kjem twitternovellene hans ut i bokform.

14. desember 2011 dukka den første twittermeldinga frå Frode Grytten opp:

– Det var litt tilfeldig, eg høyrde på radio ein sur desemberdag 2011, og der sa dei at morgonflya var sterkt forseinka grunna noko dei kalla ”underkjølt regn”. Det omgrepet fascinerte meg, eg tok til å fundere og litt etter hadde eg denne setninga i hovudet: Grunna for mykje underkjølt regn over ein lengre periode har norsk mann (57) no valt å avslutte sitt engasjement på denne kloden. Noko slikt var det i alle fall, eg fiksa og triksa litt med setninga, skreiv fleire i same stil, prøvde ut forma, og spurte kona mi om dette var noko for Twitter, fortel han.

LES OGSÅ: Gamle mobilar gull verd

Og kona gjenkjente gull når ho såg det. Like etterpå hadde Frode Grytten starta sin første twitterprofil. Etter det har han lagt ut ein tekst kvar dag, små noveller eller dikt, heilt fram til 4. juni 2013, då twitterkonten hans brått vart tyst, etter at Grytten takka for seg med ein siste tweet.

Men heilt slutt var det ikkje, for eit år seinare kunne ein lese denne tweeten:

Det skulle altså bli bok. Og no er det like før.

LES OGSÅ: Vil du ha 5000 kroner?

Kvardagspoesi
I ei tid der vi tar av på sosiale medium og har twitter, facebook, instagram, snapchat, kan ein blir freista til å spørje twitterforfattaren: Er vi og liva våre eigentleg så interessante?

– Liva våre er sjølvsagt vilt og uendelig interessante. Om nokon seier noko anna, så lyg dei eller så forsøker dei å gjere seg interessant for å redusere dei andre sine liv. Eg følgjer 16.000 på Twitter og det er fryd å sjå straumen av meiningar, tankar, utbrot, iscenesetjingar, emosjonar, lengt, tullball, tøys, kjærleik, hat og kvardagspoesi, fortel han.

Han er likevel klar på at det finst gode og mindre gode tekster på mediet.

– Å skrive slik at tekstane blir noko anna og større enn augneblinkens fascinerande realisme, krev opplagt ein type språk og ei innsikt i skriving som ikkje alle har, derfor blir mykje banalt og klisjéfylt, men det er også del av liva våre, meiner han.

Og skal vi tru forfattaren, så er han framleis veldig fascinert over alt folk lirer av seg på mediet.

– Twitter gir meg eit lite glimt inn i folks liv, som å stå nede på gata og kikke inn vindauget i ei diger blokk der det bur og pustar 16.000 menneske. Eg er like forbløffa og forundra over det som kjem kvar einaste dag.

LES OGSÅ: Når alt går til hundane

Oppskrifta på ein god tweet
Sjølv om han ikkje har twitra ei einaste novelle sidan juni i fjor har Grytten framleis over femten tusen følgjarar på nettstaden, og enkelte av twitternovellene hans blei retweeta av fleire hundre folk. Men kva er eigentleg oppskrifta på ein god tweet?

– Eg kan nesten ikkje svare for andre, men for meg blei det etter kvart ganske klart kva som funka og kva som ikkje funka når eg skulle kvitre, fortel Grytten.

LES OGSÅ: Spår store gjennombrot i kreftforsking

– I slik skriving finst det ikkje rom eller lerret stort nok til at du kan skildre personane dine. Du må satse alt på eitt kort. Ei vending, ei feilplassering, eit ord eller uttrykk som snur det. Denne feilplasseringa kan på eit vis samanliknast med det ein kallar konflikt i forteljande tekstar. Det er den medvitne feilplasseringa som skal skape interesse og driv og undring, forklarer han.

LES OGSÅ:Kunst på heimebane

Trikset til ei vellukka twitternovelle er å skrive opent nok, meiner han.

–  Eg nytta nesten aldri namn eller ytre trekk på karakterane, i staden valte eg å plassere dei gjennom funksjon, yrke, posisjon og alder. Ei slik form var overraskande slitesterk, det var mulig å variere og sjonglere med det på eit slikt vis at den gode lesaren sjølv var i stand til å skape personane i sitt hovud.

– Å skrive så kort tvingar ein inn i noko som er både klinisk og rart, og dersom du kombinerer det kjølige og kliniske med emosjonar og varme, oppstår ein spesiell effekt, ein kollisjon mellom den ekstreme forma og det menneskelige.

LES OGSÅ:Kunstnarisk kunnskap

Gjennombrot for sosiale medielitteraturen

I fjor ga Ragnar Hovland ut epostboka ”Frå Ragnar til alle”, Oslopolitiets operasjonssentral har gjeve ut ei bok med sine beste tweets. Og i haust kjem både artisten Jan Eggum og forfattaren Pål Nordheim med bøker basert på meldingar frå sosiale medium. Men blir det bra litteratur av tekster frå sosiale medier?

– Eg er ikkje rette mannen til å evaluere andre sine tekstar, det er nok av dei som driv med akkurat det. Eg har lese eit par andre Twitter-bøker og Twitter-prosjekt frå til dømes Jennifer Egan og David Mitchell. Det mest oppsiktsvekkande på dette feltet er vel at så få forfattarar forsøker ut digitale publiseringsformer. Er forfattarar så konservative eller fornemme at dei trur at papir er det einaste formatet dei kan formulere noko som helst på, spør han.

Sjølv er han udelt positiv til det å nytte twitter som skrivestove.

– Eg trur det finst mange måtar å leike seg med tekst på, mange måtar å strekke seg ut til ein lesar, om ein no ønskjer det. Det kan opplagt vere skummelt med denne type publiseringsformer fordi ein får respons så direkte og så kjapt og så fullstendig utan filter, men eg har nesten berre godord å seie om det. Eg syntest det var eit interessant eksperiment, eit prosjekt som ga meg mykje glede. Om eg kjem på ein idé til noko liknande, forsøker eg meg igjen, seier han.

LES OGSÅ: Skeptiske til Star Wars

Permproblemt

Likevel var han lenge skeptisk til å gjere bok ut av desse små tekstene.

– Eg har fått fleire tilbod om å gi dette ut i bokform, men eg har vegra meg, eg syntest at det var fint å ha det slik som det var: eit prosjekt på Twitter, ingen mellomledd, ingen pengar, ingen forlag, ingen prestisje, bare eg som skreiv og den gjengen som ønskte å lese.

Etter at han var ferdig å twitre i fjor, meldte likevel lysten til å gjere noko meir ut av twitterprosjektet seg.

– Då eg var ferdig, og det gikk nokre månadar, tenkte eg at det hadde vore fint om det fanst noko fysisk igjen etter det arbeidet. Kagge forlag kom med eit heilt konkret forslag til korleis ein kunne redigere kvitringane, og det forslaget var så godt at eg ikkje kunne seie nei, det var bare å gi seg over og la skepsisen fare. No har det også gått så lang tid at det umiddelbart spekulativt kommersielle i ein bokversjon også er borte. Tekstane får gjøre eit fortvila forsøk på å leve sitt liv mellom to permar, avsluttar twitterforfattaren.

LES OGSÅ:Kan ein telefon redde verda?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.54

Kommentarar

ANNONSE