Folk flest vil bu i ein liten by

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I undersøkinga som er utført av Sentio for Nationen, svarer 29 prosent at dei ønskjer å bu i ein liten by, medan 25 prosent ønskjer å bu i tettbygde strøk. Storbylivet vert valt av 24 prosent av dei spurte.

Draumen om å bu på bygda og drive eit småbruk vert delt av 16 prosent, medan berre 4 prosent ønskjer å bu i eit aude område, skriv avisa.

LES OGSÅ: – Ikkje noko photoshop!

Urbane kvinner

Det er kvinnene som er i fleirtal når det gjeld ønsket om å bu i urbane strøk. 28 prosent av kvinnene føretrekkjer storbylivet, medan 21 prosent av mennene svarer det same.

Blant mannfolka er det 18 prosent som ønskjer å bu på eit småbruk, medan 13 prosent av kvinnene har det same ønsket.

– Draumen om småbruk er ei form for idyllisering, og ikkje representativ for kvardagen til folk, meiner forskar Lars Østby i Statistisk sentralbyrå.

Nordmenn flyttar statistisk sett frå ein kommune til ein annan tre gonger i livet. (©NPK)

LES OGSÅ: Gamle mobilar gull verd