Robin Hood-jenta

Kristina Leganger Iversen
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mari Gjengedal er leiar i miljø og utviklingsorganisasjonen Spire, og ho brenn for organisasjonen sin.

Denne sommaren leter Framtida.no etter unge eldsjeler!

– Kor oppslukt er du i det du gjer?

– På ein skala frå ein til ti må eg kanskje svare tolv? Femten? Det er ikkje vits i å takke ja til det privilegiet det er å vere leiar for ein organisasjon om du ikkje verkeleg brenn for det.

LES OGSÅ: Dei viktigaste menneska

– Kunnskap skapar endring

Og brenne, det har Mari Gjengedal gjort lenge. Heilt frå ho var lita har ho nemlig vore veldig oppteken av rettferd.

– Eg trur eg alltid har ein sterk rettferdssans, og då eg var liten var Robin Hood min største helt ein god stund, seier ho og ler.

Frå då til no har berre ein ting endra seg: Ho har lært seg meir.

– Sannsynlegvis har engasjementet vokse støtt og stadig i takt med at eg har lært meir om korleis verda heng saman og om strukturane som fører til den enorme urettvisa. Derfor har eg stor tru på kunnskap som ein katalysator for endring, seier ho.

Ho trur store endringar startar med vanelege folk som deg og meg.

– Ein person kan gjere mykje berre ved å spreie engasjementet sitt og dele kunnskapen sin med vennane sine. Det er gradvis endring av mange folk sine haldningar som fører til dei store endringane, og då treng ein å kunne sjå til gode førebilete, seier ho

LES OGSÅ: Sjukdommen me ikkje blir kvitt

– Spire er kompromisslause

Med ein brennande rettferdssans allereie frå ho var barn, så er det kanskje ikkje så rart at Mari enda opp som leiar i ein organisasjon. Men kvifor vart det nett Spire?

– For meg er det verdigrunnlaget til Spire som engasjerer mest. Spire er kompromisslause på at vi er ein miljø- OG utviklingsorganisasjon. Med det meiner vi at vi må sjå problema med klima og miljø i samanheng med dei sosiale problema i verda, fortel ho.

Mari meiner at det ikkje nyttar å tenkje at fattigdomsproblemet er eit problem, medan klimaproblemet er eit anna.

– Klimaendringar er til dømes ikkje berre eit spørsmål om å kutte klimagassar og forhindre at havet stig, men det handlar om fordelinga av utslepp, støtte til klimatilpassing, og å forstå at det er dei fattigaste i verda som lir mest og at effektane er sjølvforsterkande om vi ikkje endrar dei, seier ho.

LES OGSÅ: Ville redde verda

– Ikkje eit alternativ med «business as usual».

Når ein skal tenkje på dei store bileta, på klima og fattigdom, kan det vere godt med nokre konkrete døme. Eit av dei store førebileta til Mari er nett ein som har arbeidd med miljø, matproduksjon og utjamning i mange år.

– Eit av mine førebilde er Olivier de Schutter, den nyleg avgåtte FN-spesialrapportøren for retten til mat. Han har vore ei sterk og tydeleg røyst mot det globale systemet for handel og matproduksjon. Dette systemet fører til monopolisering av varer, skeivfordelinga av ressursar, ein stadig meir miljøøydeleggande matproduksjon og meir svelt i verda, seier ho.

For De Schutter, som for Mari, er det ikkje noko alternativ å halde fram slik vi har gjort til no.

– De Schutter har gitt ut fleire rapportar som slår fast at å halde fram som før ikkje er eit alternativ, og at vi må gå over til meir miljøvenlege og menneskerettsvenlege system for matproduksjon, seier ho.

Eit heiltidsprosjekt

Ved sida av å vere leiar i Spire freistar Mari å studer samfunnsgeografi på Universitetet i Oslo. Men ho innrømmer at det både vere leiar i ein organisasjon òg student, tek tid og krefter.

– Når dagen er over er det ikkje så ofte eg har noko energi igjen, det må eg innrømme, fortel ho.

Når ho skal veksle av frå politikken er det kultur og kreativitet som gjelder.

– Eg liker alt det luktar kreativt av, og er særskilt glad i å spele musikk, gjere handarbeid, teikne, lese, eksperimentere på kjøkenet og gå på konserter og teater. Elles er eg veldig glad i å trene, og freistar å finne til eit par økter i løpet av veka.

LES OGSÅ: Kan ein telefon endre verda?

Eit stort bilete der alt heng saman

I møte med stor fattigdom og klimaendringar er det mange som blir pessimistar. Men ikkje Mari. Ho trur at utfordringane kan løysast: Dersom vi ser dei i samanheng.

– Eg har klokketru på at det verda treng aller mest er eit meir heilskapleg perspektiv som tillét oss å ikkje sjå på kvart problem som enkeltståande, men som delar av eit større bilete kor alt heng saman.

– Det er først når vi gjer det at vi kan identifisere strukturane som skapar problema, og dermed arbeide med å endre dei, seier ho.

– Kva drøymer du om å oppnå med engasjementet ditt?


– Eg håpar vel å oppnå det dei aller fleste eldsjeler drøymer om: Å utgjere ein forskjell.

LES OGSÅ: Gamle mobilar er gull verd

Faktaboks

Unge eldsjeler

I sommar vil Framtida.no løfte fram ungt engasjement, ved å setje fokus på unge som brenn for ei sak. Denne veka fortel Mari Gjengedal i Spire om det ho brenn for.

Gå til temasidene våre med intervju med andre eldsjeler!