Norsk radar til Mars

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ei stor ære og ei fin utfordring, seier FFIs administrerande direktør John-Mikal Størdal.

Den FFI-utvikla RIMFAX er eitt av i alt sju instrument som er plukka ut til å utruste den nye romsonden. RIMFAX er ein georadar som kan sjå ned i bakken og hjelpe til med å analysere kva for ein type geologi romsonden køyrer over. Målet er å finne stader der det har vore vatn på planeten.

NASA skildrar den nye romsonden som eit ledd i førebuingane til ein framtidig menneskeleg ekspedisjon til den raude planeten.

LES OGSÅ: Sjukdommen me ikkje blir kvitt

Eit viktig steg på vegen

I dag tek vi endå eit viktig steg på vegen mot Mars, sa NASAs administrerande direktør Charles Bolden då dei nye planane blei lagt fram ved hovudkvarteret til romfartsorganisasjonen i Washington torsdag kveld norsk tid.

Den nye romsonden får namnet Curiosity 2. Sjølve sonden blir nesten identisk med Curiosity, som landa på Mars i 2012, men Curiosity 2 vil ha heilt nye instrument om bord.

LES OGSÅ: Difor jagar flugene deg

Mogleg å sjå under bakkenivå

Den nye romsonden – ein såkalla rover – blir som «eit trillande laboratorium», skriv FFI i ei pressemelding.

Under pressekonferansen i Washington torsdag sa NASA-forskar Michael Meyer at den norske georadaren for første gong vil gjere det mogleg å sjå under bakkenivå på Mars. (©NPK)

LES OGSÅ: Her er dei norske elite-forskarane