Fare for å blande ADHD og bipolar liding
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Fare for å blande ADHD og bipolare
Fleire amerikanske studiar rapporterer om svært mange tilfelle der barn har ADHD og bipolar liding samstundes. Ein ny norsk studie syner at dette kan vere ei feiltolking.
Nevrologiske funn syner skilnader mellom ADHD og bipolar liding som ikkje vert fanga opp ved bruk av sjekklister, skriv Dagens Medisin.
Mange overlappande symptom
Bipolar liding og ADHD kan gi fleire av dei same symptoma hos barn, som at barnet er impulsivt, lett vert distrahert og hyperaktivt.
LES OGSÅ: Unge kan få traume gjennom media
Lege Anne Helseth Udal ved Sørlandet sjukehus, har undersøkt om nevrologiske funn kan verte brukt til å skilje mellom ADHD og tidleg debuterande bipolar liding blant barn og ungdom.
– Dette er vanskeleg på grunn av overlappande symptom, men samstundes viktig fordi manglande behandling av desse lidingane kan føre til alvorlege funksjonsproblem i viktige barne- og ungdomsår, seier Udal til Dagens Medisin.
Skilnader i motorikk
Udal gjorde nevrologiske funn som syner tydelege skilnader mellom dei som fyller diagnosekriteria for ADHD og bipolar liding. Desse skilnadane kom ikkje fram ved bruk av sjekklister for ADHD-symptom.
Deltakarane i studien var i snitt 13 år, og hadde anten diagnosen ADHD, bipolar liding eller begge.
Foreldre og lærarar rapporterte like mykje ADHD-symptom i alle tre gruppene, ved bruk av sjølvutfyllingsskjema. Udal fann at sjekklistene ikkje kunne skilje mellom ADHD og bipolar liding.
LES OGSÅ: Får fleire piller etter sjølvmordsforsøk
Deltakarane gjekk også blant anna gjennom undersøkingar av motorikk, nevrologiske teikn, hugs og merksemd.
Udal fann «mjuke» nevrologiske teikn og dårleg balanse hjå om lag 85 prosent av ADHD-gruppa, medan deltakarane med bipolar liding ikkje hadde meir avvik enn normalbefolkinga. Mjuke teikn er små avvik med usikker betyding, som medrørsler eller sein motorisk utvikling i høve alder.
Ifølgje studien kan desse teikna medverke til å skilje ADHD frå bipolar liding.
Frårådar symptomlister
Udal fråråder å bruke symptomlister for å setje diagnoser.
– Ved symptomer som kan skuldast fleire lidingar, bør ein arbeide for å finne ut kvar symptoma «høyrer heime». Det er viktig å gjere grundige utredningar og hugse at skildrande psykiske diagnosar berre er arbeidshypotesar for å kunne hjelpe, seier legen til Dagens Medisin.
Heller ikkje nevrologiske testar kan verte brukt åleine til å skilje ADHD og bipolar liding, men dei kan gje innsiktig i underliggjande forklaringar.
LES OGSÅ: – Må ta psykisk helse på alvor
Faktaboks
Ei ny norsk studie syner at symptomlister ikkje kan skilje mellom ADHD og bipolar liding blant barn.
I Noreg har interessa for bipolar liding blant barn vore liten, ifølgje ein artikkel i Tidsskrift for Norsk Psykologforening. Der kjem det fram at det er sannsynleg at barn som tidleg får bipolar liding, ikkje vert forstått i norsk hjelpeapparat.
Åtferda blir heller tolka og feilbehandla som ADHD, manglande styring og kontroll frå foreldre, eller reaksjonar på traumer. Det er også ein fare for at barn som får åtferdsproblem som følgje av til dømes omsorgssvikt vert feildiagnostisert med bipolar liding.