– Vi ville vente og sjå korleis utviklinga blei, at det ikkje berre var ein døgnfluge. Men no var det ganske enkelt. Det er eit ord som er i bruk og det er eit ord som utan tvil fyller ein funksjon.

LES OGSÅ: «Hen» inn i svensk ordbok

Det seier Sven Göran Malmgren, hovudredaktør for Svenska akademins ordlista (SAOL), i eit intervju med Sveriges Radio. SAOL er mellom dei mest nytta svenske ordlistene, og ordet han snakkar om er «hen». Men kva er eigentleg dette «hen» for noko?

Kjønnsnøytralt pronomen
«Hen» er ein del av den mest nytta ordklassa vår, nemlig personlege pronomen, likeins med «eg», «du», «vi» og «dei». Heilt presis så er «hen» eit kjønnsnøytralt alternativ til tredje person eintal, som på norsk i dag for dei fleste anten vil seie «han» eller «ho». Som eit døme kan vi nytte «hen» frametter i artikkelen, på plassar det elles kunne stått «han» eller «ho».

Ideen om å innføre eit kjønnsnøytralt pronomen på svensk kom for første gang i 1966, og vart då lansert av språkforskaren Rolf Dunås i Uppsala Tidning. I nyare tid skaut debatten i nabolandet for alvor fart etter at forfattaren Jesper Lundqvist gav ut boka «Kivi og Monsterhund», der hovudpersonen heile tida vert referert til som nett «hen». I ettertid har «hen» både blitt heftig debattert og nytta, og det er det som er bakgrunnen for at ordet no kjem inn i den svenske ordboka.

LES OGSÅ: Siger for transpersonar i Kenya

Språkrådet er opent
På norsk har ikkje debatten om «hen» vore like synleg som Sverige, men det tyder ikkje at folk ikkje er interessert. Mellom dei som følgjer med på utviklinga over grensa er leiaren av Språkrådet, Arnfinn Muruvik Vonen. Hen fortel at Språkrådet syns det er særskilt spanande å følgje med på diskusjonen, fordi norsk og svensk er så like språk.

– Vi i Språkrådet tenkjer at situasjonen i norsk språk på mange vis er parallell til den svenske situasjonen, for på liknande vis er alle våre andre personelege pronomen kjønnsnøytrale, utanom tredje person eintal, som anten er «han» eller «ho». Men vi er atterhaldne med å promotere ordet, men om det vert i meir vanleg bruk kan det bli aktuelt òg på norsk, seier hen.

LES OGSÅ: Kva kjønn er du?

Sjølv synest Vonen at «hen» både er pragmatisk og interessant. Han peiker på at ordet kan nyttast på to ulike måtar.

– For det første så kan ein nytte eit kjønnsnøytralt pronomen der ein ikkje veit, eller det ikkje spelar noka rolle, kva kjønn ein omtalar, og der har vi ein del ord frå før, som «man» (på bokmål), «ein» eller «vedkommande». Desse orda dekker mykje av behovet, men nokre gongar må ein velje mellom å skrive «han» eller «ho», eller ty til tunge omskrivingar. Då kan ein jo tenkje at det hadde vore greitt med eit kort ord som syner til ein person, uavhengig av kjønn, seier hen.

Ved sida av dette pragmatiske aspektet finst det eit meir ideologisk og interessant aspekt, meiner han.

– Den andre bruken, som handlar om at einskildmenneske ikkje ønskjer å bli definert som hannkjønn eller hokjønn,  er kanskje meir interessant, for denne har med identitet og samfunnsutvikling å gjere. Dei siste åra har det vore ein auka respekt for ulike minoritetsgrupper og vi er blitt meir medvitne om korleis ulike grupper og menneske ønskjer å bli omtalte, inkludert desse som ikkje ønskjer å bli omtalt som «han» eller «ho», fortel han.  

LES OGSÅ: Litt ærlegare enn ein tør

– Eit praktisk pronomen
Blant dei som set pris på både dei pragmatiske og ideologiske fordelane ved «hen» er Line Halvorsrud. Ho er veldig glad for at «hen» no kjem inn i den svenske ordlista.

– Det er kjempefint. Det er viktig å få aksept for dette, fordi det handlar om korleis vi ser på kvarandre. For mange er det slik at ordlista definerer kva ord som finst og er legitime, så då er det klart at det er viktig for mange at «hen» blir teke inn.

Halvorsrud er leiar i Skeiv Ungdom. I organisasjonen har dei nytta «hen» lenge, sjølv om det ikkje er innlemma i norske ordbøker enno. For hen er det ein viktig fordel med «hen» rett og slett at det er så greitt å bruke.

– Vi nyttar det masse når vi skriv tekster. Det er eit praktisk pronomen.  Ofte når ein skriv veit ein ikkje om kjønnet til den ein skriv om, og då kan det vere greitt med eit opent alternativ. Det er ein praktisk språkleg ting vi har mangla lenge, seier hen.

– Språket formar verda
I Sverige har ein sett at mange blir svært engasjerte av at ord som «hen» vert vanlegare. Det gjeld i like stor grad dei som er for som dei som er mot. Onsdag ettermiddag gjekk debatten varmt på fronten av Svenska Dagbladet, og i kommentarfeltet under artikkelen på Sveriges Radio skriv mellom anna brukaren «Mahmud»: «Vilket j@vla skämt!! Sverige är ett skämt».  Line Halvorsrud meiner engasjementet syner kor viktig språket er for oss.

– Språk er viktig fordi det formar røynda. At «hen» kjem inn i ordlista er viktig fordi det er ei annerkjenning av det mangfaldet som finst der ute, meiner hen.

LES OGSÅ: Refsar Noreg si behandling av transpersonar

Det er nett det mangfaldet ikkje alle ønskjer å akseptere, trur Halvorsrud.

– Mange synest nok det er skremmande fordi dette ordet utfordrar deira verdsoppfatting om at det berre finst to biologiske kjønn, meiner hen.

Ønskjer eit høfleg språk
Attende i Språkrådet ser Muruvik Vonen debatten om «hen» som ei viktig rørsle i tida. Også han meiner at orda vi bruker heng teitt saman med måten vi ser verda på, og samfunnsendringa som skjer kring oss.  

– Dette handlar om meir enn pronomen. Eit døme er ordet «neger» som lenge var eit ord folk tenkte på som nøytralt og harmlaust, medan vi i dag har medvit om at mange vil bli lei seg eller føle seg krenka dersom dette ordet vert nytta om dei, fortel hen.

Hen meiner vidare at det er lett – ut i frå den språkpolitikken vi har i dag – å akseptere eit ord som «hen» dersom det kjem i allmenn bruk.

– Den kjønnsoverskridande tydinga av «hen» er veldig interessant, fordi tankane bak er veldig i tråd med korleis vi ønskjer at språket vårt skal utvikle seg, og eit ønske om at omsyn og høflegheit skal forme språkpraksisen, fortel hen.

LES OGSÅ: Dei viktigaste menneska

Muruvik Vonen syner til at det allereie er vanleg å ta omsyn til dei ønska ulike folkegrupper har om kva ein skal kalle dei.

– Dette kallar vi sjølvidentifikasjonsprinsippet. Det handlar om at vi helst vil nytte dei omgrepa om ei folkegruppe som medlemane sjølv ønskjer, forklarer hen.

Først bruk, så ordbok
At «hen» endå ikkje står i norske ordbøker stoppar ikkje Line Halvorsrud og Skeiv Ungdom frå å nytte det.

– Eit ord må først brukast, så kan det kome inn i ordboka, seier hen.

Trass i at Muruvik Vonen er positiv til hen, har ikkje Språkrådet noko ønske om å innføre «hen» i ordbøkene på kort sikt.

– Vi har ingenting i mot dette ordet, men er atterhaldne med å promotere at det skal inn i ordbøkene enno. Men om «hen» blir vanleg nok i framtida, kan det bli aktuelt, avsluttar han.

LES OGSÅ: Offer på vent

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE