Ein realistisk visjonær

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne veka går Europride av stabelen. I tillegg er det ti år sidan unge transpersonar, skeive, lesbiske, homofile, bifile og andre som fell utanfor heteronorma eller dei tradisjonelle kjønnsbåsane, fekk sin eigen organisasjon.

Leiar i Skeiv Ungdom, Line Halvorsen, har ikkje blitt mindre engasjert etter over eitt år i leiarstolen.

– Kvifor er Skeiv Ungdom sitt arbeid viktig?

– Fordi reglane for korleis det er lov å vere i forhold til kjønn og seksualitet framleis er svært strenge. Vi har ei snever førestilling om kva det vil seie å vere gut eller jente og vi treng nokon som arbeider for eit samfunn der folk ikkje treng å avgrense seg sjølve.

– Kva var det første som fekk deg til å bry deg?

– Eg kjem frå Aurskog-Høland, som er eit landbruksdistrikt. Den første politiske saka eg hugsar eg var engasjert i, var faktisk debatten om EU og EØS. Som elleve-tolvåring vart eg med i 4H. Det er mykje vaksenstyrt engasjement, men 4H er ein av få organisasjonar av og med ungdom. Litt tilfeldig vart eg med i Skeiv Ungdom. Eg var nysgjerrig og søkte meir kunnskap. Etter kvart som eg fekk augo opp for alt arbeidet som stod att, vart eg veldig bitt av basillen.

LES OGSÅ: Vil ha trans* på timeplanen

– Kven er det største førebiletet ditt innan ditt felt?

– Det er mange som har gjort mykje viktig arbeid, men Åshild Marie Vige, som var Skeiv Ungdom-leiar før meg, har lært meg mykje. Eg er godt vand med prinsipielle diskusjonar, men Åshild er også god på dei hands-on, relle problemstillingane knytt til å leie ein organisasjon.

– Kor oppslukt er du i arbeidet for Skeiv Ungdom?

–  På ein skal frå 1 til 10, må eg sei ein god 8.

– Kva brukar du resten av energien din på?

– Skeiv Ungdom er både jobben og fritida mi, så eg brukar mesteparten av energien min her. Utover det er eg oppteken av familie, kjærasten min, litt friluftsliv og modelltogbygging. Alt som handlar om avkopling og rekreasjon, eigentleg.

LES OGSÅ: – Du treng ikkje vere skeiv for å skeive

– Kor ofte drøymer du om Skeiv Ungdom om natta?

– Når eg har drøymt om Skeiv Ungdom, trur eg det må ha handla om sommarleirane våre. Eg har lengta etter sommar, bading og sol.

– Og i den verkelege verda, kva drøymer du om å oppnå med ditt engasjement?

– Det kjem an på om eg skal vere visjonær eller realist. Som realist ønskjer eg å byggje Skeiv Ungdom større, få fleire lokallag og setje dagsorden. Som visjonær drøymer eg om eit samfunn der folk ikkje vert avgrensa, der ikkje nokon er betre enn andre, og der mangfaldet er stort.

LES OGSÅ: Vil stogge norsk våpeneksport

Faktaboks

 Unge eldsjeler

I sommar vil Framtida.no løfte fram ungt engasjement, ved å setje fokus på unge som brenn for ei sak. Denne veka fortel Skeiv Ungdom-leiar Line Halvorsen om det han brenn for.