Færre lærarstudentar stryk i matte
I år strauk 29 prosent av førsteårsstudentane på lærarutdanninga på HiOA i matematikk.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Færre stryk i matte
For to år sidan strauk halvparten, i fjor strauk éin av tre.
LES OGSÅ: Student på hybeljakt?
– Som i fjor er me glade for den positive utviklinga med fallande strykprosent i matematikk. Det var svært tøft både for studentar, lærarar og leiing å ta inn over seg det nedslåande resultatet for to år tilbake med ein strykprosent på 47, seier studieleiar Vibeke Bjarnø til høgskolens nettavis Khrono.
Ho trekkjer fram fleire faktorar som kan forklåra framgangen.
– Me har omdisponert fleirfaglege ressursar og sett inn strategiske midlar for å finansiera dei naudsynte tiltaka, seier Bjarnø, som er studieleiar på Institutt for grunnskole- og faglærarutdanning.
LES OGSÅ: Bygdeungdom er mindre påverka av foreldra
– Det har vore arrangert ei ekstra matematikkveke der det vart fokusert på grunnleggjande matematikk. I tillegg har det vorte gjennomført ekstra undervisning for dei av studentane som ikkje hadde gjennomført første del av matematikken. Eg ser heller ikkje bort ifrå at oppstyret i media har påverka studentane til å øva meir, meiner Bjarnø.
– Det er viktig å understreka at me nok må leva med at det er ein forholdsvis stor strykprosent på dette kurset. Det er viktig for oss å vera heilt sikre på at kvaliteten er god på dei ferdigutdanna lærarane, seier Bjarnø.
LES OGSÅ: Fleire kvinner enn menn fullfører høgare utdanning