Ungdom som går tre år på vidaregåande er mykje sjeldnare kriminelle.

Det er Forsking.no som skriv at å sørgje for at ungdom i risikogrupper fullfører vidaregåande skule, kan redusere kriminaliteten og spare samfunnet store kostnader.

Ungdom som går tre år på vidaregåande er mykje sjeldnare kriminelle. Eitt år mindre doblar om lag sannsynet for å hamne i fengsel. Kanskje bør vidaregåande skule bli obligatorisk, spør forskar.

LES OGSÅ: I fengsel for fyrste gong

Dette er likt for gutar og jenter, men utslaga av verkemidlar for å få ungdom til å delta og fullføre vidaregåande skule gjev større utslag, fordi fleire av gutane hamner i fengsel i utgangspunktet.

Dei største risikofaktorane for å komme i fengsel er, utanom å vere gut, svake skuleprestasjonar og foreldre utan jobb.

LES OGSÅ: Når skulen støyter deg ut

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.53

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE