Lillian Sivertsen/Avisa Nordhordland
Lillian Sivertsen/Avisa Nordhordland

Dei fyrste vekene var tøffe. Marit kjende ingen, og var redd for å trenga seg på folk. Dei spurte ofte kvifor ho budde i Lindås og gjekk på skule i Knarvik.

– Eg fortalde at eg blei mobba, og ikkje hadde vener. Folk vart gjerne sett ut i to sekund, men så gjekk det over, seier Marit.

Denne saka stod først på trykk i Avisa Nordhordland.

Det hjelpte å vera open. Elevane var imøtekommande, og hjelpsame. Skuleåret på Knarvik ungdomsskule blei fint, og ho fekk mange nye vener. I dag har ho kjærast, og vener både i Knarvik og på Lindås.

– Knarvik ungdomsskule er svært flinke å setta fokus på mobbing. Der er det ikkje verken kult eller akseptabelt å mobba, seier Marit.

Glad og lykkeleg
I dag er Marit tilfreds med livet. Mobbinga har ho lagt bak seg, og mykje har ho lært på vegen. I dag veit ho kven ho er, og kva ho står for. Mobbinga har gjort ho sterkare.

Ho legg trykk på at ho ikkje ønskjer å støyta nokon med å fortelja si historie, men at ho vil setja fokus på mobbing.

– Mobbing er uakseptabelt. Ein skal aldri finna seg i å bli mobba, eller å bli ein mobbar. Der mobbing går føre seg, må ein finna nokon som kan hjelpa. Det hjelper å sei ifrå og det blir betre, seier Marit.

Var utadvent
Det var ikkje før Marit og familien flytta, at mobbing vart eit problem.

– Det er eigentleg litt rart. Før vi flytta til Lindås budde vi på Osterøy. Der hadde eg mange vener, og eg var utadvent, sprø og lykkeleg. Det er nok ingen der som skulle tru at eg ville bli eit mobbeoffer, seier Marit.

LES OGSÅ: Gutar taklar mobbing med idrett

Familien til Marit flytta frå Osterøy til Lindås, fordi foreldra drøymde om å driva gard.

– Eg ville eigentleg ikkje flytta, men dei lova at eg skulle få hest. Dermed sa eg at det var greitt, seier Marit. Då var ho åtte år gammal.

Føler seg ansvarleg
Marit fann seg aldri heilt til rette på barneskulen på Lindås. Ho fekk ikkje vener, og begynte å trekka seg tilbake.

– I dag tenker eg at noko av ansvaret ligg på meg sjølve og. Eg hadde vanskeleg for å gje slepp på miljøet eg kom ifrå på Osterøy. Det var liksom dei som var mine eigentlege vener. Samstundes var det vanskeleg å komma inn i miljøet på Lindås. Klassen besto av forskjellige klikkar, og eg klarte liksom aldri å bestemma meg for kven av dei eg ville vera med. Det blei litt slik at eg gjekk mellom alle, seier Marit.

Men det var ikkje før ho kom på ungdomsskulen at problema starta for fullt.

Omen
– Allereie den sommaren fekk eg teikn på at det kunne bli trøbbel på ungdomsskulen. Eg hadde treft nokre gutar heilt tilfeldig, der han eine gav klart uttrykk for at han ikkje likte meg, seier Marit.

LES OGSÅ: Her trivst elevane aller best

Dessverre hamna ho i klasse med desse gutane som skulle gjera livet surt for Marit i dei neste åra. Nedsetjande og sårande kommentarar blei dagleg kost. Ho lukkast heller ikkje i å få seg vener på ungdomsskulen.

– Eg blei etter kvart veldig inneslutta, sårbar og nedfor. Heime var eg oppfarande og aggressiv. Eg kjende til slutt ikkje meg sjølv igjen i den inneslutta og sårbare personen som eg hadde utvikla meg til å bli, seier Marit.

Etterat mora fann ut at Marit ved fleire høve hadde skulka skulen, vart dei einige om å ta opp mobbinga med rektor.

Konfronterte mobbaren
Dei snakka med rektor, som ville ta tak i problemet. Ho ville ta ut den verste av mobbarane for eit møte, og føreslo at han og Marit skulle ha ein samtale etter det. Marit grudde seg veldig.

– Eg grein, fordi eg visste at mobbinga berre ville blir verre, seier ho.

LES OGSÅ: Store forskjellar i mobbetal: – Skulane må ta mobbing på alvor

Sjølv om ho ikkje var komfortabel med løysinga, måtte noko gjerast, og møtet mellom offer og mobbar blei gjennomført. Det gjekk ikkje så veldig bra. Medan Marit grein, sat guten som mobba ho og såg ned i golvet. Han vart tvinga til å sei unnskyld, og det var det.

– Eg visste at han ikkje meinte det. Han hadde ikkje respekt for meg frå før. Kvifor skulle han ha respekt for meg no, spør Marit.

Mobbinga heldt fram som før, og no spurde dei ofte Marit om ho skulle springa og sladra til rektor igjen.

Tok saka i eigne hender
Noko måtte gjerast. Slik som dette kunne ikkje Marit leva. Ho skreiv eit blogginnlegg.

– Eg ville nå ut til flest mogleg. Eg hadde eit intenst behov for å fortelja folk om korleis eg hadde det, seier Marit.

Ho fekk god respons på innlegget, og det vart publisert i fleire aviser. Mora leste det og tok igjen kontakt med skulen. Nye tiltak vart sett i verk, og PPT blei blanda inn. Dei bestemde at Marit skulle få sitja heil bak i klasserommet, slik at ho hadde kontroll på omgjevnadene. Ho måtte gå til psykolog og skulle og ha månadlege samtalar med rektor og lærar.

– Eg følte at dei behandla meg som om det var meg det var noko gale med, seier Marit.

Bra, men ikkje godt nok
Ting vart likevel litt betre då ho starta i 9. klassetrinn, men ho hadde framleis ikkje vener i klassen.

– Eg har sikkert gjort mange feil sjølve og. Kanskje eg kunne vore flinkare til å ta kontakt, og invitera vener med meg på ting, men eg klarte det ikkje. Eg bestemde meg for at eg ikkje ville ha eit einaste dårleg år til på skulen, seier Marit.

LES OGSÅ: – Mobbing er unødvendig

Ho og mora blei einige om at Marit skulle byta skule.

Det er Marit svært glad for i dag, og ho er ferdig med den vonde tida.

– Eg ber ikkje nag til nokon for det som har vore. Eg har skværa opp med dei fleste, og mange har sagt unnskyld. Livet går vidare, seier Marit.

– Vi aksepterer ikkje mobbing
Rektor ved Knarvik ungdomsskule er svært glad for å høyra at Marit Haugen Greve fann seg til rette på skulen hans.

– Mobbing er noko som vi har jobba veldig tydeleg mot. Vi aksepterer ikkje mobbing, seier Olaf Hella.

I tilfelle der mobbing går føre seg, er Hella svært oppteken av at skulen får vita om det på eit tidleg tidspunkt.

– Det er viktig, for vi veit at terskelen for å seia ifrå er ganske høg, seier han.

Unngår konfrontasjonar
I tilfelle der mobbing er blitt eit problem, legg han vekt på at det er dei vaksne som må gå inn og ordna opp.

– Vi vil aldri legga det ansvaret over på mobbeoffer og mobbar, seier rektoren.

LES OGSÅ: Regjeringa vil flytte mobbe-elevar

Ein av dei tinga skulen gjer for å skapa tryggleik for elevane, er å legga til rette for aktivitetar i friminutta.

– Vi trur dette kan hjelpa elevane å halda ein positiv fokus når dei er på skulen, seier Hella.

– Ofte høyrer vi om mobbeoffer som føler seg klientisert. Er det mobbarane som eigentleg treng psykolog?

– Det skal ein ikkje sjå vekk ifrå. No veit vi jo at den som mobbar i ein del tilfelle kjem frå ein historie med mobbing sjølv, i ei eller anna form. Kanskje har dei foreldre som snakkar mykje nedsetjande om andre. Vi pratar med dei, og fokuserer på å få dei til å skjøna kva dei driv på med, seier Hella.

Avisa Nordhordland har ikkje lukkast i å få tak i rektor ved Lindås ungdomsskule.

Les saka i Avisa Nordhordland

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.53

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE