Kombinasjonen av sterk varme, høg musikk og stort alkoholinntak kan resultere i ei farleg blanding, men ikkje alle prioriterer helsa på festival. Sjå video!

Espen André Breivik
Espen André Breivik
Faktaboks

Malakoff blir arangert på Eid kvar sommar, og første gong var i 2003.

Den gong var det 650 på festival. I fjor var talet over 20.000

Festivalen vart kåra til Årets festival av Norsk Rockforbund i 2004 og 2005.

I år spelte artistar som Dropkick Murphys, Mastodon, Skambankt og Highasakite på Malakoff

Kjelde: Malakoff.no

LES FAKTALUKK FAKTA

Malakoff Rockfestival vart denne helga arrangert på Eid i Sogn og Fjordane, med over 20 tusen festivalglade deltakarar.

– Vi er på Malakoff, vi skal berre ha det fett, vi drit i helse, seier Preben (18). 

LES OGSÅ: – Oljefondet legitimerer okkupasjonen

Hilde Hoddevik frå helsestasjonen for ungdom på Eid forstår at ungdom først og fremst er ute eter å ha det moro på festival, men påpeikar samtidig at dårleg planlegging kan øydeleggje festivalopplevinga. 

– Det er artig å vere på festival og treffe andre unge, og det går stort sett bra. Vi veit at det kan vere mykje alkohol inn i bilete, og varme dagar i sola. Då er det viktig med skikkeleg mat og mykje vatn. Ein må ta vare på kvarandre og avtale med vener. Konsekvensen er følgjer som ikkje er sjå kjekke, seier ho.

Øyresus etter høg musikk, konsekvensar av solbrente kroppar, kjønnssjukdommar etter ubeskytta sex, fare for overgrep om ein er overstadig rusa og aleine og slappheit eller heiteslag på grunn av lite mat og drikke er noko av det Hoddevik peikar på. 

Øyresus, solbrent hud, kjønnssjukdommar og heteslag er berre nokre av helseplagene som kan dukka opp på festival. Foto: Ingrid Telset Heltne

LES OGSÅ: Sagbrukmusikk på bygda

Mange tok kontakt med Røde Kors

Eid Røde Kors Hjelpekorps var synleg tilstades på Malakoff Rockfestival. Med godt over 25 varmegrader var vêret den hovudansvarlege for skader og plagar. 

– Vi hadde ei auke i antal personar innom samanlikna med i fjor, men det meste gjaldt små skadar og plagar som skrubbsår, gnagsår og hovudverk. Det er klart lettare å få småsår når ein kler seg mindre i varmen. Når det kom til hovudverk, så deler vi ikkje ut medikament, men oppmodar folk om å få i seg nok vatn og salt, seier Ove Haugen, korpsleiar i Røde Kors Hjelpekorps på Eid.

Han er imponert over stadig færre alvorlege situasjonar og alkoholrelaterte henvendingar. 

– Sjølvsagt skjer det alltid noko når så mykje folk er samla, og enkelte fekk for mykje å drikke også i år. Men eg syns folk har vore flinke, og vi ser at det haldningsskapande arbeidet til festivalen resulterer i stadig færre fyllerelaterte saker, seier Haugen.

LES OGSÅ: Sjå alt frå Vinjerock!

Sjå video – fem på festival om festivalhelse

Artikkelen held fram under videoen. Fotograf: Ingrid Telset Heltne

Vatn, øyreproppar og kondomar bør vere gratis

Enkelte festivaldeltakarar som Framtida.no snakka med påpeika at det burde vere betre tilgang på vatn, og at øyreproppar burde vere gratis. På festivalområdet kunne øyreproppar kjøpast for 20 kr og ei flaske vatn for 30 kr, i tillegg til springar ved enkelte av toaletta. Dette er helsesøstera einig i. 

– Det er kjempeviktig at vatn er godt tilgjengeleg, at ein har drikke og noko å kjøle seg ned med. Men har ein råd til øl, så har ein vel råd til vatn også, ler Hoddevik. Ho skulle også gjerne sett at gratis kondomar var tilgjengeleg på festivalen.

– Tilgang på gratis øyreproppar og gratis kondomar er viktig med tanke på førebygging, seier ho.

Oslo Ess spelte på Malakoff, og dei spelar høgt. Så hugs øyreproppar! Foto: Ingrid Telset Heltne

LES OGSÅ: Sjå gutane som sumde over fjorden

Dei eldre må vere førebilete

Hoddevik frå helsestasjonen trur det er forskjell på dei yngre og dei eldre festivaldeltakarane.

– Eg trur det er litt forskjell på dei som er eldre og meir erfaren med å gå på festival og konsertar, og dei yngre. Dei vaksne festivaldeltakarane bør vere bevisste på å vere gode førebilete for dei unge. Her er det også viktig med eit godt støtteapparat med vakter og andre som snakkar med ungdom under arrangementet. Men eg har inntrykk av at festivalleiinga, frivillige vakter og Røde Kors gjer eit godt arbeid, seier ho.

LES OGSÅ: AIDS-epidemien kan bli stogga

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.53

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE