Difor er byen varmare enn bygda

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Difor er byane varmare

Forskarar har funne ut kvifor det som regel er varmare i byen enn på landet, fortel Forsking.no.

LES OGSÅ: Spelar seg til betre engelsk

Når planter og tre vert erstatta av betong, fordampar ikkje lenger vatn frå jord og blad.

Mørke hustak og bygningar vert varma opp av sola på dagtid, og om natta vert varmen frigjort. Mot lysare flater i områda rundt byen, vert derimot meir av dei energirike strålene reflektert på dagtid.

LES OGSÅ: Du kan faktisk døy av hjartesorg

Fordamping har tidlegare vore rekna som ei hovudforklaring på skilnaden mellom by og bygd. Byane ligg som eit lok over bakken, som hindrar vatnet i å fordampe. Funna i studien kan likevel ikkje berre forklarast av fordamping.

Varme vert utveksla mellom bakke og atmosfære
Oppvarminga er også påverka av varmeutvekslinga mellom bakken og atmosfæren.

Jorda varmar opp lufta som vil stige, og som seinare vert avkjølt høgare oppe i atmosfæren. Ein del av varmeoverskotet ved bakken vert slik lufta ut.

LES OGSÅ: Får fleire piller etter sjølvmordsforsøk

I regntunge område er denne effekten svakare enn i tørre område, fordi skilnaden mellom by og bygd vert større i område der det regnar meir. Mykje nedbør gir ujamn bakke i områda rundt byen, noko som gjer varmeutvekslinga meir effektiv. I byane er utvekslinga svakare, og temperaturskilnaden blir større.

LES OGSÅ: Vi veit for lite om arktisk fisk

I tørre område er situasjonen motsett. Utanfor byane er vegetasjonen sparsom, medan byane ofte har høge bygningar. Dermed vert utvekslinga av varme sterkare i byane enn i distrikta rundt, og byane vert kaldast.

Menneska varmar byen om natta
Denne effekten er likevel berre viktig om dagen. Om natta er det menneska som spelar den viktigaste rolla.

I den amerikanske studien fann forskarane ein tydeleg samanheng mellom talet på innbyggjarar og oppvarming. Dess fleire menneske, dess høgare temperatur.

Forsking.no koplar resultata til norske innbyggjartal, og finn at Oslos 635 000 innbyggjarar skapar ei oppvarming på mellom to og tre grader.

LES OGSÅ: 45 år sidan månelandinga