– Oljefondet legitimerer okkupasjonen

Over ein million menneske ber Siv Jensen trekkje Oljefondet ut av israelske bankar i ein ny kampanje.

Kristina Leganger Iversen
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Legitimerer okkupasjonen

Kampanjen til Avaaz er eit klart prov på at verda følgjer med på kva Oljefondet gjer og ikkje gjer, og det bør blir tatt på alvor av finansminister Siv Jensen. Det er klart at investeringa i israelske bankar er med på å bidra til ei legitimering av ein ulovleg okkupasjon.

Det seier Hanne Sofie Lindahl, leiar i Changemaker, ungdomsorganisasjonen til Kirkens Nødhjelp.

LES OGSÅ: På flukt med fotoapparat

Saka har skapt engasjement verda over. I ein kampanje aktivistorganisasjonen Avaaz lanserte laurdag, krev dei at Siv Jensen sørgjer for at Statens Pensjonsfond utland (som er det offisielle namnet på Oljefondet) sel seg ut av tre israelske bankar. Dei hevdar bankane er med på å finansiere dei folkerettsstridige israelske busetnadene på Vestbreidden. I skrivande stund har over ein million signert oppropet.

– Må løysast politisk
Siv Jensen forstår engasjementet, men tenkjer likevel ikkje å gjere noko.

– Det er forståeleg at den dramatiske konflikten mellom israelarane og palestinarane skapar eit folkeleg engasjement som denne kampanjen er uttrykk for. Men dette er ein konflikt som må løysast politisk, ikkje gjennom boikott, seier ho.

LES OGSÅ: Vil snu negativ flyktningtrend

Dessutan peiker ho på at det er Etikkrådet, og ikkje ho, som sit med ansvaret.

– Statens pensjonsfond utland skal ikkje vere eit utanrikspolitisk verktøy, det er det òg brei semje om i Stortinget. Det er Etikkrådet for Statens pensjonsfond utland som vurderer om investeringar i enkeltføretak er i strid med dei etiske retningslinjene, til dømes som følgje av medverknad til alvorlege krenkingar av rettane til individet i krig, seier ho.

Vil unngå skandaleavsløringar
Det er ikkje første gang Oljefondet har investert i selskap i Israel, som Etikkrådet seinare har bede forvaltarane av fondet om å selje seg ut av på grunn av investeringar i busetnadene. Hanne Sofie Lindahl meiner det syner at Etikkrådet gjer jobben sin.

LES OGSÅ: Rår Noreg til å ta imot palestinarar

– I januar vart to israelske entreprenørselskap ekskludert frå porteføljen til Oljefondet, fordi selskapa hadde tett lenkje til bygginga av israelske busetnader på Vestbreidda. Same ekskludering bør skje for bankane som finansierer slik utbygging.

Tidlegare i år ville finansminister Siv Jensen legge ned Etikkrådet, men Lindahl meiner saker som denne er eit godt døme på at Etikkrådet heller bør styrkast.

– Etikkrådet gjer så godt dei kan, men ettersom Oljefondet har blitt verdas største statseidge fond med over 5000 milliardar kroner på bok, bør Etikkrådet få auka ressursar slik at dei kan gjere jobben sin endå betre. Etikkrådet lir av ressursmangel, og auka ressursar kan føre til at vi slepp slike skandaleavsløringar i hytt og pine, avsluttar ho.

LES OGSÅ: Levde tett på rakettangrepa i Israel