Får fleire piller etter sjølvmordsforsøk

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fleire piller etter sjølvmordsforsøk

Pasientar som har freista å ta sitt eige liv, får utskrive meir medisin etter sjølvmordsforsøket, ikkje mindre.

Det er eit av funna i ein ny studie ved Psykologisk institutt, skriv Universitetet i Oslo på sine nettsider.

Hjelp og risiko
Forskarar har undersøkt pasientar som har vorte innlagt grunna sjølvpåført forgiftning, ved utvalde norske sjukehus.

Ved hjelp av det norske reseptregisteret har dei funne ut kor mykje reseptbelagte medisinar pasientane henta ut i tida før og etter sjølvmordsforsøket.

LES OGSÅ: Klara Klok er redda

Ofte var pasientane sin tilgang til medisinar allereie høg i utgangspunktet, men etter forsøket vart tilgangen endå høgare. Dette gjaldt både medikament mot psykiske og mot fysiske lidingar.

Kring 90 prosent av dei som vert innlagte grunna sjølvmord, har forsøkt å forgifte seg sjølve. Etter forsøket, er risikoen for nye forgiftingar høg. Forskarane venta difor at pasientane sin tilgang til medisinar skulle gå ned etter sjølvmordsforsøka.

I ein tidlegare studie har forskarane dokumentert at pasientgruppa allereie har tilgang til mykje meir medikament enn resten av befolkinga.

LES OGSÅ: – Må ta psykisk helse på alvor

På UiO sine nettsider forklarar postdoktor Bergljot Gjelsvik at forskarane ikkje er sikre på kvifor tilgangen auker.

–  Det kan vere fleire ulike årsaker. Sjukehusinnlegginga kan ha fungert som eit varsko til legen om at pasienten har lidingar som ikkje er blitt oppdaga før, og at ho difor treng meir medisinar. I så tilfelle kan auken tyde at pasienten får betre oppfølgin enn før.

Samstundes fann forskarane ein auke i medikamentar både mot psykiske og fysiske lidingar.

– Vi trur ikkje det er sannsynleg at pasienten brått skulle få betydeleg fleire fysiske plagar etter innleggina, seier Gjelsvik.

Treng heilskapleg tenking
Forskarane ønskjer ikkje ein forenkla debatt for og imot utskriving av medisinar til denne gruppa. Frå før veit ein at pasientar som står i fare for å forsøke sjølvmord, generelt har dårlegare helse enn resten av befolkinga.

– Legen vil antageleg gjere noko for pasienten, og kva slags verkemiddel har ho då? Eit opplagt tiltak er å skrive ut medisinar. Det er liten tvil om at tilgang på mange medikament har stor nytte for mange med komplekse helsetilstandar. Men dersom eit av problema pasienten strir med er gjenteken sjølvmordsfare, vil stor tilgang på medikament innebere betydeleg risiko, seier Gjelsvik.

Legane står dermed overfor eit vanskeleg dilemma i møte med pasientgruppa. Ifølgje Gjelsvik impliserer studien at legar må ha auka medvite kring utskriving av medisinar til pasientar med denne typen historikk.

Forsking har synt at det kan vere vanskeleg å endre innarbeidd praksis, og Gjelsvik etterlyser no ein debatt om den totale medikamenttilgangen til pasientane.

LES OGSÅ: Du kan faktisk døy av hjartesorg

I dag kan pasientar få utskrive fleire reseptar hos ulike legar, utan at den enkelte lege nødvendigvis veit om det.

Gjelsvik meiner ein bør diskutere om legar bør få tilgang til denne informasjonen.

– Det er ikkje uproblematisk, fordi det kan kome i konflikt med personvernet.

Resultata frå studien er publisert i tidsskriftet PLOS ONE. Studien vart gjort i samarbeid med forskarar frå Oslo universitetssjukehus og Universitetet i Oxford.

LES OGSÅ: Tette fødslar aukar dødsrisikoen