45 år sidan månelandinga

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

25. mai 1961 held president John F. Kennedy ein inspirerande tale. I ei handling mange meiner kan reknast som stormannsgalskap og bitterheit mot Sovjetunionen, lova han at menneskjet – og med det amerikanarane – skulle gå på månen innan 60-talet var over.

Litt over åtte år seinare, 21. juli 1969, tok Neil Armstrong dei første stega på månen, og sitatet «One small step for man, one giant leap for mankind» har brent seg inn i minnet.

I tida etter har legendane og mytene dukka opp, og nye "giant leaps for mankind" har blitt gjort. Samstundes er det mykje tull som har blitt sagt om landinga. Her får du ei lita samling.

LES OGSÅ: Dette gjer du garantert feil

Neil, Buzz og ?
Først, eit vanleg kviss-spørsmål. Kva heitte han tredje som var om bord i Apollo 11? Me kjenner til Neil Armstrong og Edwin "Buzz" Aldrin, men i tillegg sat Michael Collins i ferja. Og ifølgje The Guardian var han livredd medan han sat der, og frykta at han måtte ta turen heim åleine.

«My secret terror for the last six months has been leaving them on the Moon and returning to Earth alone; now I am within minutes of finding out the truth of the matter. If they fail to rise from the surface, or crash back into it, I am not going to commit suicide; I am coming home, forthwith, but I will be a marked man for life and I know it. »

Både Neil Armstrong og Buzz Aldrin kom seg ut på månen og inn att, og trygt heimatt til jorda. Collins slapp difor å vera merka for livet på akkurat den måten.

LES OGSÅ: Sagbrukmusikk på bygda

Frå venstre: Neil Armstrong, Michael Collins og Buzz Aldrin. Foto: NASA/Creative Commons

– Gå først du, Neil
Men kvifor gjekk Neil Armstrong først, og ikkje Buzz Aldrin?

Det finst fleire teoriar. Nokre meiner Aldrin overtalte Armstrong til å gå først. Men mest truleg var det heilt andre grunnar til rekkefølga, og Aldrin var nok ikkje så nøgd med avgjersla som han kanskje verkar.

For det første hadde Armstrong vore astronautdrakta lengre – han vart rekruttert til romprogrammet i 1962, og Aldrin kom inn året etter. Det var blant anna difor Neil Armstrong var offisiell kommandør av Apollo 11, og det kan ha vore ein viss symbolsk verdi i at kommandøren skulle ta det første steget på månen.

Men ifølgje Nasa sine eigne historiesider, var årsaka ei litt anna. I førebuandre oppdrag hadde junior-medlemmet (Buzz Aldrin) gått ut først, men Apollo var bygd litt annleis. Døra vart opna på motsatt side, som gjorde at Armstrong måtte ut først, og Aldrin måtte komma etter.

Michael Collins gjekk aldri på månen. Han vart att, og svetta av tanken på at kameratane ikkje ville klara turen.

Om du vil lesa fleire ting du ikkje visste om månelandinga, kan du gjera det hos Fox News. Der kan du blant anna lesa at det berømte sitatet til Neil Armstrong kom fram feil.

Og forresten. På Reddit kan du lesa ein AMA (Ask Me Anything) med Buzz Aldrin – blant anna om favorittfilmane og favorittisen til Aldrin, pluss nokre greier om månen. Her ser du og Aldrin sin versjon av historia bak kven som gjekk ut først.

LES OGSÅ: Are Kalvø: God som gammal

Det er mange teoriar rundt månelandinga – til dømes at det aldri skjedde. Foto: NASA/Creative Commons

Mytene og konspirasjonen
Det finst og uendeleg mange teoriar rundt månelandinga, som ikkje har like mykje rot i røynda. Ein av mytene som har sirkulert på nettet så lenge Internett har eksistert, er at Neil Armstrong sa «Good luck, Mr. Gorsky» medan han gjekk inn att i Apollo 11.

Visstnok var det ein beskjed til naboen. Då Armstrong var ein liten pjokk hadde han høyrt naboane, Gorsky-familien, krangla, og kona hadde skrike ut: «Vil du ha oralsex? Du får oralsex den dagen naboguten går på månen!»

Sjølv om ein skulle ønska det var sant, er det ikkje meir enn ei urban legende. Og dette er berre ein av mytene forskning.no skriv om i dag.

At månelandinga aldri skjedde, og vart spelt inn i eit studio på jorda, er og ei seigliva myte. Det er mykje som har blitt peika på, tilsynelatande med gode argument. Blant anna vil fleire peika på at eit flagg ikkje kan flagra på månen, der det ikkje er luft. Det skal heller ikkje vera mogleg å setja att eit fotavtrykk i vektlaus tilstand.

Danske videnskab.dk tek føre seg ein del av konspirasjonsteoriane – og avkreftar dei. Du kan lesa det heile her (på dansk).

LES OGSÅ: Filosofisk til middag

28. januar 1986 eksploderte Challenger på veg inn i atmosfæra, og sju menneskjer døydde. Foto: Tim Tonjes/Flickr Creative Commons

Kvar skal me no?
Sjølv om 45 år med enorme teknologiske framsteg har gått sidan månelandinga i 1969, har me endå ikkje komme særleg lenger. Fleire har vore på månen, og me har til og med spelt golf der.

Det har og vore alvorlege ulukker. 28. januar 1986 eksploderer Challenger, og dei sju om bord døyr. 1. februar 2003 går romferja Columbia i oppløysing på veg inn i atmosfæra, og nye sju menneskjer døyr.

Det er kanskje litt av grunnen til at USA har lagt ned programmet som skal senda menneskjer ut i verdsrommet. Den siste ferja i dette programmet var Atlantis, som landa 21. juli 2011.

LES OGSÅ: Fem dyr som kan redda verda

Faktaboks

Viktige datoar i romfarten:

4. oktober 1957 – Sputnik blir sendt ut i rommet, som første fartøy.

3. november 1957 – Russarane sender Laika ut i rommet

29. oktober 1959 – Me får dei første bileta av baksida av månen

12. april 1961 – Russarane vinn kappløpet om første mann i rommet, med Yuri Gargarin

25. mai 1961 – John F. Kennedy lovar at amerikanarane skal få første mann på månen

6. august 1961 – Russiske Gherman Titov blir den første som er ein heil dag ute i rommet.

26. april 1962 – Amerikanarane landar sin første rakett på månen

3. februar 1966 – Sovjet får til den første kontrollerte landinga av eit fartøy på månen

27. januar 1967 – Tre amerikanske astronautar døyr i Apollo 1

24. april 1967 – Ein russisk kosmonaut døyr i ei romfartsulukke

24. desember 1968 – Første fartøy som går i krins rundt månen blir Apollo 8

16. juli 1969 – Apollo 11 lettar frå Cape Kennedy i Florida

21. juli 1969 – Neil Armstrong blir den første mannen som går på månen

19. november 1969 – Apollo 12, med Charles Conrad og Alan Bean, landar knirkefritt på månen

14. april 1970 – Apollo 13 vert hindra frå å landa av ein livstruande eksplosjon. Dei tre astronautane kjem heim med livet i behald.

6. februar 1971 – Alan Shepard blir den første som spelar golf på månen, etter at Apollo 14 landar trygt.

30. juni 1971 – Tre russiske kosmonautar døyr på veg heim, etter å ha gjennomført den lengste perioden ute i verdsrommet til då. Dei døydde av oksygensvikt på veg inn i atmosfæra.

14. desember 1972 – Apollo 17 kjem heim til jorda, og det siste oppdraget til månen blir fullført.

8. februar 1974 – Dr. Edward Gibson, Gerald Carr og William Pogue kjem trygt heim etter å ha vore i verdsrommet i 85 dagar i strekk

28. januar 1986 – Sju personar døyr då det amerikanske skipet Challenger eksploderte. Med det blir talet på omkomne i romfart dobla på ein dag.

20. februar 1986 – Sovjetunionen sender Mir ut i rommet, den største romstasjonen på den tida. Den var i rommet, og bemanna, i 15 år.

29. september 1988 – USA sendet sitt første skip til rommet, Discovery, sidan Challenger-ulukka i 1986.

24 .april 1990 – Hubble-teleskopet blir sendt ut i rommet

6. juli 1997 – Sojourner, den første roboten som skal utforska Mars, landar på planaten og startar utforskinga

28. april 2001 – Den første romturisten, Dennis Tito, lettar frå Kazakhstan og tek seg ein ferie i verdsrommet

1. februar 2003 – Sju døydde då det amerikanske skipet Columbia falt frå kvarandre på veg inn i atmosfæra.

21. juli 2011 – Det amerikanske romfartsprogrammet blir avslutta når Atlantis landar på jorda.


Kjelde: BBC