Du kan faktisk døy av hjartesorg
Den rørande idéen om å døy av hjartesorg stemmer, og har faktisk ei medisinsk forklaring.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det heiter «broken heart-syndrome», og Science Alert skriv om diagnosen.
LES OGSÅ: Hang til kjærleik
Kjerna i syndromet er at når du går gjennom traumatiske opplevingar som å mista nokon av dine aller næraste, blir kroppen din utsett for stress og sterke kjensler. Dei sterke kjenslene kan gi fysisk utslag, som høgare puls, slappheit – og av og til sluttar du rett og slett å pusta.
Difor er det faktisk slik at ein kan døy av hjartesorg – tragisk, men rørande. Du kan lesa meir om «broken heart-syndrome» her.
LES OGSÅ: Spelar seg til betre engelsk