Snart kan Skype omsetja på direkten

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Det er Teknisk Ukeblad som skriv om saka. Der kan du og sjå ein video av demonstrasjonen.

LES OGSÅ: – Lediggang er rota til alt vondt

Langvarig draum

Microsoft, og omtrent alle andre som jobbar med datateknologi, har drøymt om å få til ei så nøyaktig og umiddelbar oversetjing i mange år. På WPC, eller Microsoft Worldwide Partner Conference, i går viste dei fram ein demo som fungerer overraskande bra. Med det er draumen, som ifølgje Microsoft-sjefen Satya Nadella har levd sidan andre verdskrig, komme nær målet.

LES OGSÅ: Fem dyr som kan redda verda

– Denne teknologien kjem til å forandra liva våre. Tenk berre på kva den vil bety for global samhandling og business over landegrensene, sa Nadella på scena ifølgje Teknisk Ukeblad.

Her kan du sjå Microsoft sin eigen skrytevideo av produktet.