Yah! Amerikanorsken lever

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Amerikanorsken lever

Sjølv om språket rett nok er døyande, lever det framleis som ein eigen særeigen og felles norsk dialekt i Midtvesten.

Da språkprofessor Janne Bondi Johannesen i 2010 reiste til USA for intervjue etterkommarane av norske innvandrarar, fann ho at mange av dei framleis snakkar språket flytande, og at amerikanorsken er lik over heile Midtvesten.

– Språkvarianten amerikanorsk i Midtvesten bør sjåast som éin felles norsk dialekt, seier Janne Bondi Johannessen, som er professor i lingvistikk ved MultiLing-senteret ved Universitetet i Oslo.

Ho arbeider med forskingsprosjektet «Norsk i Amerika», som ei forlenging av eit større forskingsprosjekt om norske dialektar. Prosjektet har etter kvart òg ført til samarbeid med forskarar frå andre land og parallelle studiar av svensk, dansk, islandsk, tysk og frisisk.

Felles dialekt
Fellestrekka i amerikanorsken overraskar forskarane ettersom norskamerikanarane bur så spreidd. Dei ulike dialektane dei norske immigrantane hadde med seg heimanfrå, har raskt smelta saman til eit felles språk.

Bondi Johannessen fortel at ordstillinga framleis er norsk, sjølv om ordtilfanget er særeigent med mange engelske lånord, slik som «råd» for veg og «travle» for å gå.

– Det viste seg òg at dei ikkje forstod oslodialekten vår, særleg spørjeord som «når» og «korleis». Sjølve seier dei «å tid» og «håssen», fortel Bondi Johannessen.

– Det er mykje likt i måten eit språk forandrar seg i møtet med eit anna, som engelsk. Særleg interessant er det å leggje merke til kor djupt forankra i hjernen sjølve språksystemet, grammatikken, viser seg å vere, seier ho.

Her er det mykje å lære om korleis språk endrar seg, men òg om kultur og identitet, seier språkprofessoren.

– Kunnskapen frå Midtvesten gir oss eit perspektiv på vårt eige forhold til språk, og på dei utfordringane som innvandrarane i Noreg møter. (©NPK)

LES OGSÅ: Fann nytt språk

I filmen Fargo frå 1996 og tv-serien frå 2014 bruker karakterane å seia ja/yah, i staden for yes: