2200 færre bønder får tilskot

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Til no i år har 43.883 bønder eller landbruksføretak fått innvilga statsstøtte, mot 46.117 i 2013, fortel Nationen. Det utgjer ein nedgang på 4,8 prosent.

LES OGSÅ: – Det handlar om framtida vår

Mindre pott
Samstundes er den totale tilskotspotten redusert med rundt 12 prosent, frå rundt 10,4 milliardar kroner i 2013, til kring 9,2 milliardar i år. Tilskotstala er førebelse, dei endelege tala skal vere klar i oktober.

– Tala tyder for det første på at fleire produsentar gir seg, og at færre søkjer om tilskot. For det andre viser tala at det sannsynlegvis er brukt mindre tilskotsmidlar i år, noko som vil gi såkalla ledige midlar til neste år, og det er feil i forhold til satsinga om å auke matproduksjonen, seier Merete Furuberg, leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

LES OGSÅ: Norske bønder får mest støtte

Fryktar komande oppgjer
Tilskotstala er basert på jordbruksforhandlingane mellom staten og bondeorganisasjonane i fjor. Leiaren i Norsk Bonde- og Småbrukarlag fryktar for kva som kjem til å skje med tilskotsutbetalingane neste når, når forhandlingane frå i år blir liggjande til grunn. (©NPK)

LES OGSÅ: Skeptiske til ny mjølkepolitikk