Planter kan «høyra» at dei blir spist

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dårleg nytt for vegetarianarar

Synest du synd på salaten du et? Ikkje? Forskarar frå University of Missouri har funne ut at planter svarer på angrep når dei høyrer lyden av at dei blir spist.

– Tidlegare forsking har undersøkt korleis planter svarer på akustisk energi, inkludert musikk, seier Heidi Appel, seniorforskar ved planteforskingsdivisjonen ved University of Missouri, i ei pressemelding. Forskinga hennar har funne at vibrasjonane frå tygging signaliserer endringar i forbrenninga i plantecellene. Dette set i gang det kjemiske forsvaret til plantene, noko som hjelper dei å stå i mot angrep frå larver.

LES OGSÅ: Det er ikkje dyr alt som kan grillast

Brukte laser
Forskarane brukte laser til undersøkja rørslene til blad i møte med lyden av ein tyggande larve. Etter dette utsette dei planter for verkelege larver. Dei plantene som hadde høyrt tygginga til larver før, produserte meir sennepsolje enn andre – ein kjemikalie som gjer planten mindre appetittleg for larvene.

– Det som er merkeleg er at plantene som blei utsett for forskjellige typar vibrasjonar, som lyden av ein mild bris og ulike insektlydar, noko som deler nokre av dei akustiske eigenskapane til vibrasjonane til larver som et, ikkje auka det kjemiske forsvaret deira, seier forskaren Rex Cocroft.

LES OGSÅ: Dødsfrykt i kvar bit

Planter kan snakka òg
Tyske forskarar har funne at planter slepp frå seg gass når dei er under angrep. Super-sensitive mikrofonar plukka opp ein boblande lyd frå ein sunn plante, men denne lyden auka til eit skrik når planten var truga. Berre eit lite insektbitt kunne gi ein effekt.

– Dess meir stress, dess høgare signal, seier Dr Frank Kühnemann, ifølgje Daily Mail.

No er det ikkje slik at planter verkeleg skrik i smerte. Men ein kan høyra forskjellige lydar frå gassen dei slepp ut, etylen, når denne blir bombardert med laser. Denne forskinga kan hjelpa til med å skilja ut kva grønsaker som vil halda seg ferske lenger enn andre.

LES OGSÅ: Søppel på menyen

Her har University of Missouri laga ein video som forklarar korleis forsøket blei utført: