Vil gi heider via #nynorskverksemd

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil gje heider via #nynorskverksemd

Ved å ta bilete av nynorskbruk til dømes på skilt, i ein butikk, i eit reklameblad eller i avislysingar og gi det emneknaggen #nynorskverksemd på Twitter, Facebook og Instagram, er folk med i kampanjen.

– Det er ein fin ting å gjere og enkelt målarbeid. Vi har lyst til å heidre desse verksemdene, seier leiar i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø.

Fleire har bytt
Aakre Tennø viser til at mange norske verksemder nyttar nynorsk, og at det dei siste åra har vorte fleire og fleire av dei som har bytt vekk bokmålet til fordel for nynorsk. Ho meiner desse verksemdene er viktige.

– Det er viktig for nynorskbrukarar å sjå språket vårt, og det er viktig for unge og ungdom å sjå at det kan stå «heimelaga», og ikkje «hjemmelaget». Dei må sjå desse nynorskorda for å vite kva det heiter. Utan å tenkje over det drive desse bedriftene viktig målarbeid, seier ho.

Og kanskje lèt også fleire verksemder seg inspirere til å ta nynorsken i bruk.

– Det håpar vi sjølvsagt. Sjølv om ein sel pølser i Oslo kan ein kalle dei «heimelaga» pølser, seier Aakre Tennø.

LES OGSÅ: Iskrem med Aasensk sus

Har starta kampanjen
Mållagsleiaren har sjølv sett i gang kampanjen på sin eigen Instagram-konto. Den heimelaga isen frå Alm Gard i Feios i Sogn, Frislid Konfeksjonsfabrikk i Eid kommune og Skei Servicesenter i Jølster kommune har alle fått heider av mållagsleiaren for å bruke nynorsk.

I tillegg til heider og ære på sosiale medium kan verksemdene vente seg eit nynorsk-verksemd klistremerke og takkebrev i posten frå Noregs Mållag.

LES OGSÅ: Deler boktips på #lesesumar