Rektor håpar fleire skular følgjer etter.

mm

– Eg er heilt overtydd om at dette er rette vegen å gå. Me kjem til å halda fram med det, seier Patrik Johnsson til den svenske avisa Kvällsposten

Johanson er rektor ved Norrevangsskolan i Karlshamn i Sverige. I fjor innførte han leksefri for alle elevane på ungdomsskulen han leier. Resultata er oppsiktsvekkande. 

Karakterane til elevane har blitt betre enn nokon gong før, frå eit snitt på 201 i førre skuleår til 214,8 i år (det svenske karaktersystemet bruker ein skala der ein kan få maksimalt 20 poeng i eit fag). 

LES OGSÅ: Delt på midten i synet på lekser

Større krav til lærarane
Det var i fjor at skulen innførte det dei kallar ein totalskule. I tillegg til leksefri, får elevane frukost kvar morgon og skulen held ope etter skuletid. Då får elevane høve til å driva med idretts- og fritidsaktivitetar eller få ekstrahjelp  med skulearbeidet.

Rektor Johnsson fortel om langt meir nøgde elever.

– Forsking viser at lekser er den største årsaka til konfliktar i heimen, og at det er viktig å skilja mellom arbeid og fritid. Me har merka at elevane har blitt mykje meir merksame på skulen, seier han. 

Rektoren meiner suksessen kjem av at leksefri skule stiller høgare krav til lærarane og leiinga av klassane. Skulen har òg innført mentorordning og dobbeltleia timar.

LES OGSÅ: Gutar får dårlegare karakterar av lekser

– Ikkje dyrare
Kostnaden for totalskulen er ikkje avskrekkande. Skulen har ikkje tilsett fleire, men har i staden klart å omfordela lærarressursane, fortel rektor Johnsson.  Prisen for frukost til alle elevane er på 20.000 kroner i året.

No opplever skulen at fleire elevar søkjer seg til ungdomsskulen.

I Noreg er partiet Raudt det einaste som er for ein leksefri skule. Av ungdomspartia har Raud Ungdom, Sosialistisk ungdom og AUF gått inn for dette.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.53

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE