Nynorskelevane gjer det stadig betre i Hordaland, medan bokmålselevane heng etter.

mm

Dei har flest seksarar, stryk minst og har best karakterar, ifølgje tal frå skular i Hordaland.

Tal frå Hordaland fylkeskommune viser at når det gjeld standpunktkarakterar i alle faga samla, har nynorskelevane eit gjennomsnitt på 4,04. Til samanlikning har bokmålselevane fått 3,93 i gjennomsnitt. I 2012 var forskjellen mindre.

Også strykprosenten på standpunkt er lågare for dei som har nynorsk som hovudmål; 1,13 mot 1,94 for bokmålselevar. Når det gjeld kor mange seksarar som er blitt delt ut, har nynorskelevane hanka inn 8,13 prosent seksarar, medan bokmålelevane sin del seksarar er 7,71 prosent.

På eksamen gjer også nynorskelevane det betre enn bokmålselevane. Her er karaktersnittet 3,58 (nynorsk) mot 3,48 (bokmål). 4,11 prosent av nynorskkarakterane som blei gitt var stryk mot 5,68 bokmål. Det blei delt ut 7,24 prosent seksarar til nynorsk-elevar mot 6,36 prosent til bokmålselevar.

Opplæringsdirektør i Hordaland fylkeskommune Svein Heggheim ser teikn til at elevar frå mindre nynorskkommunar er med på å dra opp snittet.

– Her har me gode argument for å velja nynorsk som språkform i skulen. Dette burde auka rekrutteringa til nynorsk, seier han.

LES OGSÅ: Louise fekk berre seksarar

Best snitt av alle elevane i Hordaland, har elevane som kjem frå Granvin, seier Heggheim til Framtida.no. Elevar frå Sveio og Fedje ligg òg langt over andre kommunar.

Minste motstands veg
Opplæringsdirektøren trur ein del av forklaringa på dei gode nynorskresultata kan ha samanheng med at mange svake nynorskelevar skiftar til bokmål.

– Ein rimeleg hypotese må vera at det ikkje er dei fagleg sterkaste og tryggaste elevane som lettast skiftar. Ein god del elevar vel minste motstands veg og skiftar til bokmål, og det er ikkje sikkert det er desse elevane som får dei beste karakterane, seier Heggheim.

Målbytet i Hordaland er temmeleg stort. Kring 40 prosent av elevane i Hordaland byrjar med nynorsk som hovudmål i grunnskulen, men berre kring 25 prosent tar eksamen med nynorsk som hovudmål når dei går ut av vidaregåande.

LES OGSÅ: Nynorsk som hjernetrim

Etterlyser forsking
Opplæringsdirektøren etterlyser meir forsking på kva nynorsken har å seia for karakterane.

Sogn og Fjordane, som har nesten berre nynorskelevar, har lenge vore blant dei med høgast karakterar i landet, saman med Oslo og Akershus. Men til forskjell frå Oslo og Akershus, der flest foreldre har høgare utdanning, noko som blir sett på som ei viktig forklaring på kor godt elevane gjer det, kan ikkje utdanningsnivået til foreldregenerasjonen forklara dei gode karakterane i Sogn og Fjordane.

Heggheim kjem sjølv frå Sogn og Fjordane og meiner kulturen kan forklara dei gode karakterane i trivselsfylket.

– Utdanning blir sett på som viktig. Det er noko med at når ein ikkje kan velja og vraka i jobbar, så må ein gjera det godt på skulen. Og så blir det sett på som ein kulturverdi i seg sjølv, seier han til Framtida.no.

Tidlegare i år skreiv Framtida.no om ny forsking frå Høgskulen i Sogn og Fjordane tyder på at grunnen til dei gode karakterane er at elevane i Sogn og Fjordane meistrar to målformer.

LES SAKA: Flinkare på skulen av nynorsk

Hausten 2012 la forskarar frå NTNU fram forsking som viser at folk som skriv nynorsk blir flinkare til å skriva og lesa begge dei norske målformene.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.53

Kommentarar

ANNONSE