Nordmenn lever 31 år lengre

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I Tsjad bur der 12 millionar menneske. I Noreg bur der fem millionar.

I Tsjad finst der 500 legar. I Noreg finst der 30 000.

I Tsjad døyr kvart sjette barn før det rekk å bli fem år. I Noreg døyr tre av tusen barn før fylte fem år.

Dei gløymde krisene
I dag lanserte Legar Utan Grenser si liste over Ti gløymde kriser.

På lista står mellom anna krisa i Tsjad, der fleire hundre tusen menneske døyr av sjukdommar som enkelt kunne ha vore behandla.

LES OGSÅ: – Eg har drepe 13 med droner

Samansett krise
Mangel på eit skikkeleg helsevesen er i stor grad årsaka til den høge dødelegheita blant barn og den låge levealderen i Tsjad. Men årsakene er meir samansette enn som så.

Tsjad har den høgaste førekomsten av underernæring i Sahel-regionen og Vest-Afrika. Grunna underernæringa og mangelen på vern mot smittsame sjukdommar, bryt det jevnleg ut epidemiar i landet.

Heilt sidan landet vart sjølvstendig i 1960, har ustabilitet, borgarkrig og væpna konfliktar lagt press på befolkinga.

Tsjad grensar til Darfur, Den sentralafrikanske republikk og Sahel-beltet, og ligg dermed i eit krysningspunkt mellom fleire humanitære kriser med røter i konflikt og naturkatastrofer.

LES OGSÅ: Vil gi fredsprisen til Snowden

Fattigdom er utbreidd og 140 000 er internt fordrivne i landet, som er det femte største på det afrikanske kontinentet.

I tillegg held fleire hundre tusen flyktningar frå nabolanda Den sentralafrikanske republikk og Sudan til i landet. Etter borgarkrigen i Libya i 2011, har dessutan om lag 90 000 tsjadarar vendt tilbake til heimlandet. Resultatet er ytterlegare press på dei allereie magre ressursane i landet.

Alt dette ifølgje Legar Utan Grenser, som i dag lanserte den årlege kampanjen der dei løftar fram ti kriser media, politikarar og verdssamfunnet har gløymt.

Ikkje akseptabelt
Morten Rostrup stilte i går spørsmålet «Kor ille må det bli før vi bryr oss?» i ein Aftenposten-kronikk.

Legen var med på å stifte Legar Utan Grenser i 1996, og har sidan jobba i ei rekkje land for organisasjonen. Eit av landa han har vore i er Tsjad. Legen fortel om ei komplisert krise.

– I Tsjad må det innsats til. Vi må bistå helsevesenet der. Ein levealder på 51 år er ikkje akseptabelt. I tillegg må det politiske grep til for å løyse dei underliggjande årsakene til krisa. Mange av leiarane i dei områda vi opererer i prioriterer ikkje helse i det heile teke. Internasjonal merksemd kring desse krisene kan påverke myndigheiter i Tsjad og internasjonalt til å ta grep, seier legen.

Artikkelen held fram under biletet.

I Bitoye i Tsjad har folketalet vorte dobla etter at tusenvis av flyktningar frå Den sentralafrikanske republikk kom inn i landet i mars. Foto: Samantha Maurin/LUG

Tapar kampen om merksemda
Lista over dei ti gløymde krisene kunne ha vore mykje lenger, ifølgje Rostrup.

Kvifor får ikkje desse krisene merksemd?

– Det er det akutte og spektakulære som får merksemd. Når krisene er vedvarande oppfattar vi dei til slutt som ei normaltilstand, og dei misser nyhendeinteressa. Vi er også mest opptekne av det som skjer i nærmiljøet vårt. I tillegg er ikkje dette snakk om kriser med storpolitiske dimensjonar, som i Ukraina og Syria. Då tapar dei ofte kampen om merksemda, meiner Rostrup.

LES OGSÅ: Vil stogge norsk våpeneksport

Han peikar til dømes på at krisa i Den sentralafrikanske republikk ikkje fekk omfattande omtale før ein såg ei urovekkjande forverring av situasjonen.

– Først når folk byrja å bli hakka ned og FN uttrykte uro, kom media på bana og troppar vart sendt. Vi kjende oss veldig aleine då vi prøvde å skape merksemd om krisa, og vi kan ikkje la vere å stille spørsmålet om den kunne ha vore avverga, seier Rostrup.

Byte kjendis mot krise
Han fortel at det kan vere frustrerande å kome heim til norsk media etter å ha vore i kriseramma område.

– Eg kan bli litt oppgjeven over kva journalistane skriv om. Eg trur ein utan problem kunne ha bytt ut 30 prosent av kjendisstoffet med dekning av kriser. Eg har også tru på at det å fokusere på løysingar og håp i desse sakene er eit journalistisk grep som burde vore meir utprøvd.  Og ikkje minst – politikarane må på bana, seier Rostrup.

LES OGSÅ: «Eit av verdas rikaste land vil forby tigging»

Han trur at folk vil ha meir stoff om slike problemstillingar. Og han har kanskje rett – kronikken hans om krisa i Den sentralafrikanske republikk var i går den mest delte på Aftenposten.no.

– Eg har ei oppmoding til folk flest også. De treng ikkje vente på at media skal skrive om noko. I vårt digitale samfunn kan de sjølv vere med og samle og dele informasjon, legg han til.

LES OGSÅ: Her er verdas «snillaste» land


Den dødelege blødningsfeberen lassa, som rammar mange hundre tusen, er også på lista til Legar Utan Grenser. Foto: Lam Yik Fei 

Faktaboks

Leger Utan Grenser (LUG) lanserte i dag kampanjen «Ti gløymde kriser». 

Organisasjonen tek utgangspunkt i kriser dei har førstehandskjennskap til.

Ved hjelp av medieovervakingsverktøy har dei undersøkt kva kriser som ikkje blir dekka av media.

I tillegg har LUG gjennomført spørjeundersøkingar, for å finne ut kva kriser folk flest har lite kjennskap til. 

Krisene som er valt ut i år har dermed i stor grad vore gløymt av både media, politikarar og folk flest.