Kunnskapsministeren må svare på spørsmål frå Iselin Nybø om læremiddel for innvandrarar.

mm

I eit spørsmål til kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen spør Venstres stortingsrepresentant frå Rogaland, Iselin Nybø, på kva måte statsråden vil bidra til å sikra eit godt utval læremiddel på nynorsk til vaksenopplæringa.

Etter mi og Venstre si meining bør det vere mogleg for nynorsk-kommunar å basere si vaksenopplæring på nynorske læremiddel, seier Nybø, som og er nestleiar i utdanningskomiteen på Stortinget.

Tidlegare i vår gjekk komité for oppvekst og utdanning i Stord kommune inn for å gå frå bokmål til nynorsk i vaksenopplæringa etter forslag frå Geir Angeltveit (V) og Jakob Bjelland (Sp).

LES OGSÅ: Deler boktips på #lesesumar

– Eg meinar det er heilt naturleg for Stord som største nynorskby å ha nynorsk i vaksenopplæringa. Me har vore ei sinke i denne saka, sa Angeltveit under handsaminga i komiteén.

Sjølv om det er ein del kommunar som allereie nyttar nynorsk i vaksenopplæringa så var ei av bekymringane som vart lufta det at det er dårlegare utval av nynorsk læremiddel til vaksenopplæringa.

– Då må me ordna dette og sørgja for at utviklinga går i rett retning. Aukar ein etterspurnaden lokalt i fleire nynorsk-kommunar så vil staten måtta koma tilbake med eit reelt tilbod, avsluttar Angeltveit, som håpar at kunnskapsministeren og dei borgarlege partia kan utbetra denne mangelen.

LES OGSÅ: Store skilnader i språkbruk

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.53

Kommentarar

ANNONSE