Leitar etter romvesen

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tretti år har gått sidan det vesle romvesenet E.T ringte heim i Spielberg-filmen frå 1982. No kan kommunikasjon med romvesen bli ein realitet.

Det amerikanske forskingssenteret SETI har nemleg utvikla to nye metodar for å snappe opp signal frå liv i rommet, ifølgje Space.com.

Skal sende ut signal og lytte
Det eine prosjektet går ut på å stille opp teleskop, som skal scanne ulike bølgjelengder mellom 30 stjerner i nærleiken av sola. Desse scanningane skal hjelpe forskarane med å finne kraftfulle signal frå potensielle romvesen.

LES OGSÅ: Kvifor trykkjer du «like»?

Det andre prosjektet er eit avlyttingsprogram, som skal undersøke om der finst signal som går mellom dei ulike planetane og som inneheld beskjedar.

– Vi kastar alt vi har inn i desse to nye prosjekta. Dersom vi sender ei mengd signal frå jorda, så kan det vere at romvesen finn dei signala. Kanskje sender dei til og med nokre i vår retning, seier SETI-direktør Dan Wertimer.

Kan ha same genetiske materiale som oss
Ifølgje Videnskap.dk treng ein ikkje frykte romvesen. Det er nemleg mogleg at dei består av dei same fundamentale byggjesteinane som oss.

Det er to kanadiske professorar i biofysikk frå McMaster University i Hamilton, Ontario, som nyleg argumenterte for at romvesen ikkje er så ulike oss som vi kanskje trur.

LES OGSÅ: Single menn på surfetoppen

Samtlege livsformar på jorda er oppbygd av dei same 20 aminosyrene. Dette er komplekse molekyl, som knyter seg saman på ulikt vis og dannar proteina som utgjer det genetiske arvematerialet i levande organismar.

10 av desse aminosyrene er funne i meteorittar, ved ‘naturlege skorsteinar’ på botnen av havet, og i eksperiment som har simulert jordas barndom.

Eksperiment som dei to forskarane har utført, tyder på at desse syrene kan verte skapt av vanlege fenomen som finst på klodar overalt i universet. Aminosyrene er dermed svært vanlege.

Følgjer universale mønster
Dei to forskarane har vidare kome fram til at dei ti aminosyrene ikkje berre er vanlege, men også ordnar seg i universelle mønster, som til dømes dei genetiske kodane som kjenneteiknar liv på jorda.

LES OGSÅ: Lite verdett, men høg trivsel

Ettersom mønstra følgjer dei termodynamiske lovene, må dei genetiske kodane som er kjende for oss på jorda vere utbreidde i heile universet, sluttar forskarane.

– Dette tyder på at dei første genetiske kodane for liv hadde ein universal struktur, som i prinsippet kan oppstå alle stadar, konkluderer professor Ralph Pudritz frå Mcmaster University.

Den kontroversielle påstanden står ikkje uimotsagd. Professor i genetikk Darren Griffin ved University of Kent i England, legg ifølgje Videnskap.dk ikkje skjul på at han meiner dei to forskarane er vel kreative:

– Fysikkens lover styrer utviklinga i universet og ein kan førestille seg at der også finst universelle molekylærbiologiske lover. Det ville likevel vore merkeleg dersom nøyaktig dei same genetiske kodane skulle oppstå på ein annan planet, sjølv om der er eit stort samanfall i dei fundamentale molekyla, seier han.

LES OGSÅ: Nordmenn søv dårlegare