Byter tobakk mot alkohol

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I dag trer 183 lover og 449 forskrifter i kraft, ifølgje Lovdata.

Det er svært variert kva som vert endra og kva verknader endringane vil få for den enkelte.

LES OGSÅ: Skjerpar innvandringspolitikken

Til dømes vert det innført røykforbud i lokale og transportmidlar, og tobakksforbod i barnehagar og skular.

I tillegg vert taxfree-regelverket endra, slik at du kan handle meir dersom du ikkje kjøper tobakk. Tobakkskvoten kan i staden bytast i inntil 1,5 liter avgiftsfri vin eller øl.

Endra fødselsperm
Mødrekvoten og fedrekvoten vert redusert, gjennom endringar i Folketrygdlova. Kvotane vert redusert frå 14 til 10 veker. Fødselspermisjonen vert like lang som før, men desse åtte vekene kan no fritt fordelast mellom foreldra.

Legemiddellova er også endra, for å verne befolkinga mot falske legemidlar. I tillegg vert det greiare å bli sjuk i ferien frå no av. Endringar i ferielova gir rett til å overføre ferie til neste år dersom ein blir sjuk i ferien.

Kan framstille alkohol på Svalbard
Fram til i dag har framstilling av alkohol vore forbode på Svalbard. Lova som regulerte dette vert no oppheva, og det vil bli etablert bryggeri både i Longyearbyen og i Barentsburg.

LES OGSÅ: Sommarjobb ledig som isbjørnvakt

Ungdom kan sone i det fri
Konfliktråda har dessutan fått ein utvida verktykasse i møte med ungdom. Ungdom mellom 15 og 18 år som vert dømt til ubetinga fengsel, kan frå no av dømmast til ungdomsstraff. Dei vil då sone i fridom, men under streng oppfølging.

LES OGSÅ: Dette bør du vite som sommarvikar

I tillegg vil ikkje lenger alvorlege forbrytingar, som drap, valdtekt og barneovergrep, kunne verte forelda.

Ståhjulingen kjem
Sist, men ikkje minst, no kan du køyre ståhjuling i Noreg.

I 2010 vart det varsla at stålhjulingen kunne bli lovleg i Noreg. Same år døydde forretningsmannen som eigde selskapet bak ståhjulingane Segway, Jimi Heselden, i ei ulukke – på ein av sine eigne stålhjulingar.

LES OGSÅ: Store skilnader i språkbruk